I sommar har du høve til å ta med deg familien til biblioteket for å sjå film kl.12.00 kvar tysdag i veke 27-34, i tillegg til den første laurdagen å månaden.
Om du vil vere sikker på å få plass, kan du ringje 53655860 for å reservere.
Tysdag 18. august kl. 12.00 synar me fram filmen Panda på ville veier.
Ein vimsete stork leverer ved ein glipp ein nyfødd panda til feil dør. Ein bjørn, ein elg, ein tiger og ein kanin legg ut på ein utfordrande,
men morosam ekspedisjon gjennom villmarka for å hjelpa pandaen heim der den eigentleg høyrer til.
Du treng ikkje å betale for å sjå filmen.
Filmen blir syna fram på lisens frå Filmrommet.