• Hending

Ope møte - Korleis ta medisinen riktig?

Dato

Onsdag 10. juni 2026

Tidspunkt

kl. 18.00 - 20.00

Stad

Sjøperlo i Ølen

LHL arbeider med å reetablere lokallaget for Etne og Vindafjord, og inviterer derfor medlemmer, pårørande og andre interesserte til eit ope møte.

Kvelden byr på eit nyttig og aktuelt foredrag om riktig medisinbruk, med tema som inhalatorar, blodfortynnande medisinar og samspel mellom ulike legemiddel.

Tema for foredraget:
«Korleis ta medisinen riktig» ved Cathrine Lilleheil Christiansen frå Ølen Apotek AS

Det blir òg høve til å stille spørsmål etter foredraget.

Etterpå inviterer vi til enkel servering og ein uformell prat om moglegheita for å reetablere LHL Etne og Vindafjord.

LHL er ein organisasjon for hjartesjuke, lungesjuke, slagramma og pårørande – og vi håpar mange vil vere med og bidra til eit aktivt lokallag i området.

For meir informasjon: Ope møte - Korleis ta medisinen riktig? 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

LHL - organisasjon for hjartesjuke, lungesjuke, slagramma og pårørande

Kontakt

Stig Terje Tolo

Om staden

Namn

Sjøperlo i Ølen