• Hending

Perling på biblioteket

Dato

Onsdag 25. februar 2026

Tidspunkt

kl. 14.00 - 17.00

Stad

Biblioteket

For deg som vil vere kreativ i vinterferien.

Kom innom og perl saman med oss. 
Perling er ein aktivitet som passar for både barn og vaksne. Lag dine eigne figurar som Pokémon, fuglar eller kva enn fantasien finn på. 
Me har perler i mange ulike fargar, så her er det lett å skapa noko heilt unikt.

Perling er ein super aktivitet fordi det kombinerer ro, konsentrasjon og kreativitet. 
Det gjev ei avslappande stund der du kan senka skuldrene, samstundes som du får utfalda deg med fargar og formar. 
Det er kjekt, sosialt og passar for alle – anten du vil sitja i eiga verd eller skapa noko saman med andre.

Ei fin og kreativ pause i vinterferien – berre fantasien set grenser!

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Biblioteket

Om staden

Namn

Biblioteket