I vinterferien har du høve til å ta med deg heile familien til biblioteket for å sjå film.
Tysdag 24. februar kl. 12.00 synar me fram filmen Gubben og Katten - Et år med Pettersen og Findus.
Gubben Pettersen og Katten Findus er nede på sjøen og pilkar. Så byrjar det å snø og det blir mørkt.
Gubben og Katten går seg vill og må søkja ly. For å halda humøret oppe fortel dei historier om året som har gått.
Om du vil vere sikker på å få plass, kan du ringje 53655860 for å reservere.
Du treng ikkje å betale for å sjå filmen.
Filmen blir syna fram på lisens frå Filmrommet.