• Hending

Kvinnehelse frå eit samfunnssexologisk perspektiv - frå ungdom til alderdom

Dato

Lørdag 7. mars 2026

Tidspunkt

kl. 13.30 - 15.30

Stad

Biblioteket

Bli med når Mitt fargerike nabolag og Sanitetskvinnene i Ølen markerer kvinnedagen og inviterer til føredrag Linn-Mari Johansen. Catherine Chimba leiar møtet.

I tillegg blir det kaffi og gode, nystekte sanitetslappar som du kan nyte medan du drøsar med andre deltakarar.

Linn-Mari er pioner innan samfunnssexologi, eit tverrfagleg fagområde som utforskar samanhengen mellom seksuell helse, livskvalitet og samfunnsstrukturar.

Linn-Mari kjem til å setje søkelys på kvinnehelse frå ungdom til alderdom, og vil formide forskingsbasert kunnskap om kvinneleg biologi og seksuell helse. Ho vil fortelje om korleis det som skjer på individnivå kan påverke relasjonar, arbeidsliv og kvardagsfungering, og kvifor seksuell helse er eit essensielt tema også i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv.

Føredraget er ope og inkluderande, og passar for alle som ønskjer auka forståing for kvinnehelse og seksuell helse – enten ein er kvinne sjølv, pårørande, fagperson eller samfunnsinteressert.

Program:

Tidspunkt 
13:30Mingling og kaffi
14:00Føredrag del 1
14:20Pause med underhaldning, samt servering av kaffi og lappar.
14:40Føredrag del 2
15:00Oppsummering

 

Velkomen til alle!

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Biblioteket

Kontakt

Silje Holden Birkeland

Om staden

Namn

Biblioteket