Med denne planen ønskjer me svar på følgjande spørsmål:
Korleis kan ein områdeplan sikre ein heilskapeleg plan for infrastruktur og det offentlege rom?
Korleis kan planen samtidig skape eigarskap og entusiasme for ein berekraftig utvikling av bustad og sentrum?
Og til slutt, korleis kan me sikre at planen blir gjennomført?
Områdeplanen skal ikkje løyse alle utfordringane i Skjold, men gjennom gode prioriteringar sikre at me får dekt dei viktigaste behova.
Målet er at Skjold skal få gode møteplassar med trygge vegar og stiar som bind saman tettstaden. Målet er at me samtidig skal skape eigarskap og entusiasme for ein berekraftig utvikling av bustad og sentrum. For å få til dette må planprosessen involvere alle relevante aktørar. Dette er både grunneigarar, bebuare, næringsliv, grendeutval og andre grupper som blir påverka av eller har interesse av dette planarbeidet.
Allereie i forkant av formell oppstart av planarbeidet er det gjennomført noko medverknad.
Planprogrammet inngår som eit ledd i varsling av planoppstart, og skal danne grunnlaget for planarbeidet og avklare rammer, mål og utfordringar. Forslag til planprogram gjer greie for bakgrunnen for planarbeidet, kva me
vil oppnå med planen (Del 1), rammer for planarbeidet (Del 2) og korleis me skal løyse oppgåva (del 3). Dette er ei «oppskrift» på korleis planen skal utarbeidast.
Vedtak om om å leggje forslag til planprogram ut på høyring
Områdeplanen er omfattande og det er derfor viktig med politisk forankring av om planprogrammet gir dei
rette rammene for planarbeidet. Forslag til planprogram var derfor opp til politisk behandling 04.11.2025.
Formannskapet gjorde følgjande vedtak:
FS - 082/25 Vedtak:
- Forslag til planprogram med konsekvensutgreiing for områdeplan for Skjold blir sendt på høyring
saman med varsel om planoppstart - Planområdet blir utvida slik at heile bustadfelta, samt det ferdigregulerte feltet nord for Skjoldalifeltet
blir èin del av planen.
Planprogram og planområdet er oppdatert med denne endringa.
Her kan du lese forslag til planprogram. Me har og laga ei kort versjon av planprogrammet.
Medverknad
Vindafjord kommune ønsker tidleg dialog med naboar, grunneigarar og andre interesserte.
I samband med høyring av planprogrammet vil det bli arrangert eit ope informasjonsmøte om planprogrammet, planprosess og planarbeidet.
I dette møtet vil det bli orinetert meir om medverknadsopplegg og korleis kvar enkelt kan gje si stemme.
Informasjonsmøte blir på Skjold arena tysdag 02.12.25 frå kl 18-20
Sjå alle plandokumenta under kunngjeringar.
Når planprogrammet er vedtatt, vil det bli arrangert ulike medverknadsmøte og verkstadar i mindre og større grupper for å famne dei ulike temaa og nå viktige interessegrupper. Det er særleg viktig å nemne Rogaland fylkeskommune og Statens vegvesen knytt til veg og kryss, barn og unge knytt til mjuke trafikantar og grunneigarar og næringsliv knytt til sentrumsutvikling.
Det er aktuelt å gjennomføre fleire opne møte og ei spørjeundersøking i løpet av arbeidet med planen. Detaljert plan for medverknad må tilpassast behovet undervegs.
Merknadar og innspel til planarbeidet kan sendast til Vindafjord kommune på e-post til postmottak@vindafjord.kommune.no, eller pr. brev Vindafjord kommune, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid.
Frist for innsending av merknadar er 31. desember 2025.
Førebels forslag til framdriftsplan og fram av bilete under.
Forslag til framdriftsplanAnsvarleg for utarbeiding av områdeplanen er Anne Sofie Sandvik. Ta gjerne kontakt for spørsmål eller innspel:
e-post: anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no
eller telefon: 93 64 60 43