Opplegget med gruppevaksinering har blitt ein årleg tradisjon og som kommunen har svært gode erfaringar med. Vaksinasjonen skjer på fem utvalde dagar i november, og opplegget er godt etablert.
– Det er årets happening, og folk er flinke til å møta opp, fortel beredskapskoordinator for smittevern og vaksinekontor, Anne-Beate Økland.
Det er godt oppmøte på gruppevaksineringa, fortel fortel Anne-Beate Økland og Lene Desiree Ulveraker Skartland.
Kristine Thorsen Eikeland
Nytt i vaksinasjonsprogrammet
Haustens vaksinering er ein del av det nye vaksinasjonsprogrammet for vaksne, som blei vedteke av regjeringa i år og er eit kommunalt ansvar.
Målet er å førebyggja sjukdom og dødsfall som følgje av influensa, korona og pneumokokksjukdom.
Bestill time via Helseboka
Gratis for 65-åringane
Ein viktig ting som er nytt er at pneumokokkvaksine no er inkludert for alle som er fødde i 1960. Dei får tilbod om Prevenar20 – ei ny vaksine som gir livsvarig immunitet, og betaler berre for konsultasjonen.
– Retten til å motta pneumokokkvaksine gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet består sjølv om ein ikkje nyttar seg av tilbodet det året ein fyller 65. Det vil seia at om du ikkje tek imot det året du fyller 65, så vil ein likevel få tilbod om vaksinen seinare, opplyser Anne-Beate.
Andre risikogrupper kan velja mellom Prevenar20 til kr. 1000 eller Pneumovax, som må takast kvart sjette år til kr. 500.
Kjetil H. Stokke, Anne-Beate Økland, Lene Desiree Ulveraker Skartland og Kaja Flesland står klare til å ta i mot folk som vil vaksinera seg i november. FOTO
Kristine Thorsen Eikeland
Frivillige skaper tryggleik og trivsel
Bak det effektive vaksinasjonsopplegget står òg ei gruppe frivillige som år etter år bidreg med både tryggleik og trivsel for alle som kjem.
Kaja Flesland har vore frivillig sidan 2020, og for henne handlar det om å bidra til fellesskapet:
– Det er ein viktig dugnad. Eg synest det er kjekt å vera til nytte, og me er ein trivelig gjeng. Det er sosialt og givande, og folk som kjem inn døra blir møtt med smil og ro.
Kjetil H. Stokke, pensjonert tannlege og frivillig sidan same år, trekkjer fram kor viktig det er med tryggleik for dei som kjem:
– Eg kjenner mange som kjem innom, og for dei er det godt å sjå kjente fjes. Det er eit supert opplegg, og eg synest det er kjekt å kunna bidra. Eg stiller opp som frivillig på fleire ting, og det er veldig meiningsfult.
Spesialsjukepleiar Lene Desiree Ulveraker Skartland ved vaksinekontoret understrekar kor avgjerande dei frivillige er:
– Me hadde ikkje klart dette utan dei frivillige. Me ligg høgt oppe på landsgjennomsnittet og får skryt for at det er effektivt og kjapt. Dei frivillige er erfarne, og det er dei same folkene år etter år. Det gir tryggleik for dei som er litt engstelige.
Kjetil H. Stokke og Kaja Flesland har vore frivillige på gruppevaksineringa sidan 2020.
Kristine Thorsen Eikeland
Effektiv organisering og god oppleving
Vaksinasjonen skjer i løpet av fem dagar i november.
– Me tar imot 15 personar kvart 20. minutt og har kapasitet til 1200 timar. Det er ingen kø, og folk kan planlegga. Det er ganske unikt, seier Økland.
Ho legg til at ein kan få alle tre vaksinene samtidig, utan at det er rapportert fleire bivirkningar.
Du kan bestilla time både for deg sjølv og andre via helseboka.no.
– Etter at du har logga deg inn, vel du at du bestiller på vegne av nokon andre. Hugs å ha personnummeret til den du skal bestilla for, forklarar Økland.
Bestill time via Helseboka
Når bør du ta influensavaksinen?
Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår at influensavaksinering skjer i november/desember, då vaksinen har best effekt dei tre første månadane. Dei siste åra har influensaen kome etter jul og seinvinter, og det kan derfor vera tidleg å vaksinera seg i oktober.
– Me får ofte spørsmål om tidspunktet, og det er forståeleg. Vaksinen har best effekt dei første månadane, og influensaen har dei siste åra kome seint. Difor tilrår me å venta til november, seier Økland.
Kristine Thorsen Eikeland
Vaksinedagar:
5., 6., 12., 13. og 19. november kl. 09.00–15.00
Stad: Kulturhuset i Ølen, Dreganesvegen 40
For henvendingar:
Mobil: 913 03 842
E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no
Du kan bestilla time både for deg sjølv og for andre.
Bestill time via Helseboka
Les meir på kommunen si nettside
FHI sine anbefalingar om vaksiner til vaksne
Priser
Influensa: 300 kroner
Korona: 110/85* kroner
Pneumokokk (dersom du er født i 1960) (Prevenar 20-vaksine): 110/85* kroner
* Rabatt, samvaksinasjon:
Vaksine til personer utenfor Pneumokokk-program (alle før og etter 1960):
Pneumovax: 500 kroner (påfyll etter kvart sjette år)
Prevenar 20: 1000 kroner (treng ikkje påfyll)
Spørsmål og svar om vaksinasjonprogrammet for vaksne i Vindafjord kommune
Svar
Kommunen skal gjennom vaksinasjonsprogrammet tilby følgjande vaksiner:
Vaksinedagar:
5., 6., 12., 13. og 19. november kl. 09.00–15.00
Stad: Kulturhuset i Ølen, Dreganesvegen 40
Priser
Influensa: 300 kroner
Korona: 110/85* kroner
Pneumokokk (dersom du er født i 1960) (Prevenar 20-vaksine): 110/85* kroner
* Rabatt, samvaksinasjon:
Vaksine til personer utenfor Pneumokokk-program (alle før og etter 1960):
Pneumovax: 500 kroner (påfyll etter kvart sjette år)
Prevenar 20: 1000 kroner (treng ikkje påfyll)
Ein kan få alle tre vaksinene samtidig. Det er ikkje rapportert fleire bivirkningar.
Ja. Henvend deg til vaksinekontoret.
For henvendingar:
Mobil: 913 03 842
E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no
Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår at influensavaksinering skjer i november/desember, då vaksinen har best effekt dei tre første månadane. Dei siste åra har influensaen kome etter jul og seinvinter, og det kan derfor vera tidleg å vaksinera seg i oktober.
Målet er at flest mogleg skal kjenna til tilbodet om vaksinar i vaksinasjonsprogrammet for vaksne.
Difor er det oppretta ei ordning med påminningar for å varsla dei som ikkje er vaksinerte.
Påminningar i form av varsel blir sende ut frå Helsenorge i midten av november. Varsel blir berre sende til uvaksinerte som har aldersindikasjon for vaksine.
Hausten 2025 gjeld dette uvaksinerte i desse tre gruppene:
- Koronavaksine: 75 år og eldre (påminninga blir ikkje sendt til alle over 65 år, fordi anbefalinga frå Folkehelseinstituttet gjeld frå og med 75 år)
- Influensavaksine: 65 år og eldre
- Pneumokokkvaksine: fødde i 1960
Du må logga deg inn på Helsenorge for å sjå innhaldet i varselet.
Påminninga er automatisk laga og basert på opplysningar om manglande vaksinasjonar i det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK. Det er ingen personar som ser opplysningar om deg.
Hvis du ikkje ønskjer å få påminning om manglande vaksiner, kan du endra dette under Innstillinger for vaksinevarsler - Helsenorge.