Om tenestetilbodet

Kva tilbyr me?

  • Kommunen har for tida fire kommunalt tilsette fysioterapeutar, ein ergoterapeut og ein sjukepleiar. Dei held til på Ølen omsorgssenter og på rådhuset i Ølen.
  • Hovudsakeleg er arbeidsoppgåvene rehabilitering og opptrening av vaksne og eldre i institusjon og i heimen, arbeid blant born og ungdommar og hjelpemiddelformidling/ og bustadtilrettelegging.
  • Me har to private institutt, på Frisk treningssenter i Ølen og på Vikaneset i Skjold. Her jobbar det til saman fire fysioterapeutar. Hovudsakeleg er arbeidsoppgåvene behandling og opptrening av skader og funksjonsnedsettingar.

Prioriteringar og ventetid

Me har ein eigen prioriteringsnøkkel som me prioriterer ut frå, både for born og vaksne og eldre. Det vil seia at dei med størst behov for hjelp vil få hjelp først.

Dermed kan det i periodar vera venteliste for å koma til hos fysioterapeut eller ergoterapeut.

Eigenandel

  • Alle pasientar, som ikkje er innlagt på institusjon, må betala eigenandel for å gå til fysioterapeut.
  • Grensa på eigenandelskort for 2024 er 3.165 kroner. Eigenandelane innbefattar både behandling og eventuelt taxi til og frå behandlinga, om ein har behov for dette.
  • Unntaket er born under 16 år og yrkesskadde. Desse får full refusjon og treng difor ikkje betala for behandling.
  • Både dei kommunale og private fysioterapeutane som er nemnde her, tek fastsette eigenandelar og går inn under frikortordninga til Helfo.
  • Dei private fysioterapeutane tilbyr også anna behandling det kan vera ekstra betaling for. Dette går ikkje inn under frikortordninga og skal informerast om.  

Dersom du ikkje møter til avtalt time hos fysioterapeut, utan å gi beskjed, vil me likevel belasta deg for det du måtte ha betalt i eigenandel for behandlinga.

Kontakt oss på telefon eller e-post

 

Kontaktinformasjon til fysio- og ergoterapeutar
StillingNamnTelefonArbeidsdagar
Kommunalt tilsette
Leiande kommunefysioterapeutLiv Kjersti Hustveit41 22 85 89Alle dagar
KommunefysioterapeutGunvor Johansson Garvik91 17 96 72Alle dagar
KommunefysioterapeutAnna Sørum93 09 51 95Alle dagar
KommunefysioterapeutElin Hundseid99 30 08 57Tysdag og fredag
SpesialfysioterapeutInga Elise Haugland Eide41 72 54 38Mandag, tysdag og torsdag
ErgoterapeutTina Günther91 36 87 12Alle dagar
Kvardagsrehabilitering sjukepleiarMaili Tveit Oppedal90 60 99 53 Tysdag
Private institutt
Ølen fysioterapiFrisk treningssenter i Ølen 53 76 85 07
FysioterapeutGeorg Feed41 65 73 23
FysioterapeutVegard Lønnheim95 70 25 52
Vindafjord fysikalske instituttVikaneset i Skjold52 76 52 20
Fysioterapeut SkjoldDag Øverland97 17 46 59
Fysioterapeut SkjoldAnnett Grünbeck-Manoury93 28 17 42