Vindafjordskulen

Skulefritidsordning (SFO)

Du kan søkje om plass for barnet ditt i Skulefritidsordning (SFO).
SFO er eit tilbod før og etter skuletid til elevar i 1.-4. klasse, og til elevar med spesielle behov i 1.-7. klasse. Det er SFO knytta til alle grunnskulane i kommunen.

Morgen SFO
Det må vera minst fem påmeldte for at skulane skal kunna opprette eit slikt tilbod.

Ferie SFO
SFO-tilbod på ferie- og fridagar blir bare gitt for full dag. (07.00 – 16.30), og berre dersom det
er nok påmeldte. Vindafjord kommune tilbyr ferie SFO på Ølen – og Skjold skule.
Sjå SFO vedtektene elles. 

Vedtekter

Det er nye vedtekter for skulefritidsordninga  (PDF, 586 kB)
gjeldande frå 24.09.2019.

 

Søknad om ny plass, endring eller oppseiing

Du finn elektronisk søknadsskjema på kommunen si nettside.
I søknadsskjemaet finn du god forklaring på dei ulike vala.  
Du kan og få hjelp til å søkja ved å hendvenda deg til skulen, eller til kommunen sitt Servicetorg.
SFO er open dei dagane det er skule, dersom det er nok innmelde.
Det kan i tillegg vere høve til å kjøpe ekstra tid i feriar og elles når elevane har fri frå skulen.

Søknadsfrist er 1. mars

Merk at ein beheld plassen på SFO til den vert sagt opp.

Søknadsfrist for endring av plass: 3 månader.
Oppseiing: 3 månaders oppseiingstid.


Søknadsskjema

Skulle du oppleve problemer med skjemaet kan du kontakte servicetorget.
servicetorget@vindafjord.kommune.no eller tlf. 53 65 65 65

Det er kommunestyret som vedtar takstane for SFO, i samband med budsjetthandsaminga.

Informasjon om søskenmoderasjon finn du i SFO vedtektene (vedtatt i Kommunestyret 24.09.19)

SFO - takstar. Gjeldane frå 2019

Det er kommunestyret som vedtar takstane for SFO i samband med budsjetthandsaminga.

Takstar - Skolefritidsordning (SFO) Takstane gjeld frå 01. august 2019 Betaling blir for 10 månader, halv pris i august og juni. Merk at feriepakkar skal avklarast med skulen. Datoer står i vedtektene for SFO § 6.
Takstar - Skolefritidsordning (SFO)
Tilbod Pris
Full pakke m/ morgen kr 2700,-
Full pakke kr 2400,-
4 dager m/morgen kr 2450,-
4 dager kr 2300,-
3 dager m/morgen kr 2000,-
3 dagar kr 1800,-
2 dager m/morgen kr 1550,-
2 dager kr 1150,-
1 dag m/morgen kr 900,-
1 dag kr 600,-
Pris andre tenester
Full feriepakke - per månad kr 540,-
Feriepakke redusert pris - gjeld 1. klasse frå 15. aug. - per dag kr 430,-
Dagpakkar - per dag kr 540,-
Pris per måltid i SFO kr 16,-
Gebyr ved for sein henting av barn, pris per påbegynt halvtime kr 270,-
Pris ved kjøp av ekstra time kr 43,-
Søsken moderasjon (berre på grunnpakke)
Full pris for barn nr. 1 (den med lengst opphaldstid)
Barn nr. 2 med nest-lengst opphaldstid 30 %
Barn nr. 3 og ev. følgjande 50 %

Kontaktinformasjon

Skule
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65