Vindafjordskulen

Tilbod i kulturskulen

Kulturskulen kan tilby ei rekkje ulike undervisningstilbod, og vi håpar at du finn eit tilbod som passar akkurat deg i vår skule.

Visuelle kunstfag

Faget inneheld teikning - form - farge
Elevane får kjennskap til ulike materialar og teknikkar innan faget. Her legg ein vekt på å utvikle kreativitet og sjølvstendig uttrykk.
Gruppa har  utstillingar der dei viser fram sine produkt.
Tilbodet gjeld frå 2. klasse.

 

Dans

Kulturskulen gjev undervisning i dans frå 6 år og oppover.
Det er grupper for både nybegynnerar og vidarekomne.
For dei som har dansa ei stund, tilbyr vi også tåspiss-dans.  Det er mogeleg å kombinere dette med andre dansegrupper.

 

Instrumental/Vokalopplæring

Elevane får opplæring åleine eller i gruppe/kor. Kulturskulen har opplæring i alle bygder i Vindafjord, på skular og andre lokale.

Kulturskulen kan tilby undervisning på fiolin, cello, tverrfløyte, klarinett, blokkfløyte, irsk fløyte, piano, keyboard, kyrkjeorgel, gitar, el.gitar, el.bass, slagverk, messinginstrument.

 

Orkester/samspel/band Song/songgruppe

I tillegg til dei faste undervisningstimane kvar veke, kan ein også rekne med at det i periodar  vert organisert samspel og fellesøvingar.

 

Betalingssatsar

Betalingssatsane vert justert i januar kvart år samstundes med andre kommunale takstar.  Sjå taksthefte for oppdaterte prisar. (PDF, 415 kB)

 

Fagplanar

Vindafjord kulturskule har laga eigne fagplanar.  Desse vil bli justert i samsvar med nasjonale føringar.  Dei planane som er gjeldande finn ein på heimesida til kulturskulen.

Fagplanar (PDF, 404 kB)

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Kulturskulen
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : kulturskulen@vindafjord.kommun..
Telefon
: 53 65 52 43