Kulturskule

Vindafjord kulturskule

Logo - Vindafjord kulturskule - Klikk for stort bilete

Vindafjord kulturskule sine kontor- og undervisningslokale ligg på Kultur- og læringssenteret på Sjøperlo i Ølen sentrum. Kulturskulen arbeider også desentralisert i alle dei ni bygdene i kommunen, lokale undervisningslokaler som til dømes på skulane. 
 

Me ønsker deg velkommen til å søke kulturskulen sine aktivitetar. Søknadsfrist er vanlegvis 4. mai kvart år. Frist 2020: 15. mai


Nye elevar søkjer elektronisk via vårt søknadssenter. 

Eksisterande elevar re-registrerer seg via kulturskule portalen.

Vindafjord kulturskule har om lag 200 elevar fordelt på musikk, dans og andre kunstformer.

Kulturskulen si viktigaste målsetting:
Gje den enkelte eleven best mogleg føresetnad for å utvikle sine evner og anlegg og legge grunnlag for eit rikt og mangfaldig kulturmiljø i kommunen.
 

Søknad

Me ønsker deg velkommen til å søke kulturskulen sine aktivitetar. Søknadsfrist er vanlegvis 4. mai kvart år. Frist 2020: 15. mai

Søknad skal sendast inn elektronisk.

Nye elevar søkjer elektronisk via vårt søknadssenter. 

Eksisterande elevar re-registrerer seg via kulturskule portalen.


Innlogging

Her kan du logge deg på kulturskulen sitt administrasjonsprogram

Veiledar til innlogging og bruk (PDF, 43 kB) av kulturskulen sitt administrasjonsprogram

Logo - Vindafjord kulturskule

 

Me har tilsett ny danselærar og kan frå skulestart 17.august tilby ballett-klassar i den nye dansesalen vår i Ølen. Tilbodet er for barn frå 1 kl. og oppover.

Søknad via søknadssenteret https://novindafjord.speedadmin.dk/tilmelding#/

Velkommen som søkjar.

  1.  Ingen med sjukdomssymptom skal  møta til undervisning.(unnateke pollenallergi).
  2. Vask av hender:  Vask hender på toalettet i gangen FØR undervisning.  Antibac/vask etter undervisning.
  3. Elevar må ta med eigne bærbare instrument, som gitarar, fiolinar og blåseinstrument.
  4. Elevar på på slagverk tek med eigne trommestikker.
  5. For piano-elevar, vil lærarane reingjere tangentar  etter kvar elev.
  6. Læraren reingjer alle kontaktflater etter kvar elev.
  7. Avstand:  Hald naudsynt avstand til kvarandre(elev/lærar).
  8. Eleven må koma presis til time.  Unngå venting inne.  Eleven må gå rett ut etter timen.
  9. Elevar i gruppe, som t.d. kunstfag vert henta samla av lærar og får utdelt dei materiell dei skal nytta i timen.  Lærarane orienterer nærare sine grupper.
  10. Føresette, søsken, vener, kan følgja eleven til skulen, men må vente ute til eleven er ferdig.
  11. Eleven skal ikkje ha med mobiltelefonar eller ipad i timen.  Kjem eleven rett frå skulen skal desse gjenstandane leggast i skulesekken før eleven går inn til time.
  12. Ikkje bruk smykker eller ringar.
  13. Det skal luftast ut etter kvar elev. Dør eller vindauge etter korleis rommet er.
  14. Eleven skal vente i ventesone, eller utanfor døra til dei vert henta av læraren.
  15. Norsk kulturskuleråd sin rettleiar: https://kulturskoleradet.no/smittevernveileder-kulturskole
  16. Norsk kulturråd sin rettleiar:   https://nmr-assets.ams3.digitaloceanspaces.com/documents/Norsk-musikkrad-dok/Korona/Smittevern_v300420-4b.pdf

Eksisterande elevar kan re-registrere seg ved å logge inn i kulturskule portalen https://novindafjord.speedadmin.dk/

Får du problem så ring kulturskulen, og spør etter Lasse eller Anne Kristine, evt. mob. 901 66 095 om rektor ikkje er inne på kontoret.

 

Kulturskulen kan tilby ei rekkje ulike undervisningstilbod, og vi håpar at du finn eit tilbod som passar akkurat deg i vår skule.

Eit skuleår går over to semester, og det blir sendt ut innbetalingsgiro to gonger i løpet av skuleåret.

Påmeldinga gjeld eit heilt skuleår.