Møtefrekvensen i desse råda og utvala er noko ulik. Foreldreråda har stort sett 1 eller 2 møte per barnehageår. Samarbeidsutvalet har 3 – 4 møte .
Foreldrerådet består av alle dei føresette. Foreldrerepresentantane til Samarbeidsutvalet blir valt blant dei føresette på foreldrerådsmøte.
Samansetninga av SU består av: Foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehagens eigar kan delta etter eige ønske, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. I Vindafjord er det representantar for kommunen i alle Samarbeidsutvala.
Samarbeidsutvalet skal være eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ.
Barnehagelova seier meir om foreldresamarbeid i barnehagen.
Sjå barnehagane for referat og samansetting av råd og utval lokalt.