Vindafjordbarna

"Vera saman"

Perler - Klikk for stort biletePerler "Vera saman" er eit felles kompetansehevingstiltak som alle dei kommunale barnehagane på Haugalandet er med på.

Dette er eit omfattande tiltak og eit samarbeid med fleire kommunar gjennom Haugalandsløftet.

“Vera Saman” har bl.a. fokus på autoritativ vaksenrolle, medverkande barn, utvikling av empati og sosial kompetanse.

Det er implementering av grunnleggande haldningar i barnehagen. Gjennom teori, kollegarettleiing og ein omfattande materiellpakke gjør ”Vera Saman”  barnehagen til ein god arena for barnets vekst og modning. Endring skjer gjennom kompetanse – det vil sei at det er til hjelp for barn når de vaksne har meir kunnskap, slik at dei gjer dei rette tinga overfor barna.

 

Gjennom dette tiltaket skal alle dei tilsette i løpet av året utvika ny kompetanse for å gje alle barna i barnehagen hjelp og støtte når det gjeld å utvikla deira sosiale kompetanse. I løpet av barnehageåret 2013 og 2014 skal alle dei tilsette i dei kommunale barnehagane både læra og trena på korleis dei kan bli ”varme og grensesettande vaksne”  i sine barnehagar. Samtidig skal foreldra læra korleis dei kan bli ”varme og grensesettande” føresette overfor sine barn heime.

Dette skal skje ved foreldremøte omkring tema, ved foreldresamtalar, ved ein felles foreldrekveld  og ved små drypp med informasjon og hjelp til å bli bevisst på korleis dei kommuniserer med barna sine og eventuelt endra måtane å opptrer på overfor barna sine. 

Kontaktinformasjon

Barnehage
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Mobil
: 975 74 954