Vindafjord bibliotek

Søk andre stader

På internett kan du søka etter bøker frå folkebibliotek og fagbibliotek i heile landet. Nedafor finn du ulike søkebasar som du kan nytta.

For alle gjeld at du ved bruk av "Mappa mi" sjølv kan bestilla det du ynskjer og så henta det på Vindafjord bibliotek eller i ein av våre "Bok i butikk"ar.

Haugalandet: Om Vindafjord bibliotek ikkje har det du treng, kan du gjerne få det frå eit bibliotek nær deg?

Samsøk: Her kan du søkja i dei fleste norske folkebibliotek sine samlingar. Sida du kjem til har ikkje felt for Rogaland fylke. Skriv inn det du leitar etter i feltet til eit av dei andre fylka.   

Oria: Her er inngang til alle fagbibliotek på høgskular og universitet m.fl. Du kan sjå kva dei har, men ikkje bestilla sjølv utan å ha lånekort ved ein studiestad. Biblioteket bestiller gjerne for deg. Ta kontakt.

Bokhylla: Nasjonalbiblioteket har dei siste åra lagt ut ein del bøker i fulltekst, m.a. dei fleste bøker som vart gitt ut på 1990-talet. Mykje kjekt å bla i!

Boksøk: Her søkjer du etter bøker som er lettleste og/ eller tilpassa deg som slit med lesing. Deretter bestiller du dei frå kva bibliotek som helst. 

DFB: = Det fleirspråklege bibliotek. Søk og bestill bøker, film, musikk på ynskt språk og få det sendt til Vindafjord bibliotek!  

Safarisøk: Treng du ei barne- eller ungdomsbok innanfor eit tema, kan det vera lurt å sjekka her kva Vindafjord bibliotek har i hyllene sine!

Kikkholet: Er du nysgjerrig på kva andre har lese, kva som sist er kjøpt inn til biblioteket osb., kan det vera moro å kikka innom her. Heilt lovleg!                               

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord bibliotek
Besøksadr.: Ølen skule Postadr.: Pb 115,
5588 Ølen
E-post : vindafjord.bibliotek@vindafjor..
Telefon
: 53 65 58 60

Kontaktpersonar

Any Heggebø
Leiar
Tlf: 53 65 58 61
E-post: Send epost