Vindafjord bibliotek har ei ordning kalla "Bok i butikk".
Kort fortalt går dette ut på at lånarane kan bestilla bøker på internett, epost eller telefon og få desse kjørt til ein butikk eller bensinstasjon i nærleiken.
I katalogen vår kan alle sjå kva bøker, filmar, lydbøker, tidsskrift o.a.biblioteket har.
Når du har funne det du ynskjer, er det bare å klikka på "Bestill", og meldinga går til biblioteket. Materiellet vert køyrt til desse stadene kvar onsdag:
Joker- Vikebygd
Joker- Vikedal
Shell- Sandeid
Shell- Knapphus
Frøken Fryd - Skjold
Men... for å bestilla treng du tilgang til "Mappa mi". Dette kan du lesa meir om her.
Dersom du ikkje har lånekort, fyller du ut dette skjemaet (PDF, 113 kB) og sender biblioteket pr.post eller epost.
Publisert22.03.2015 22.23