Vikedal skule

Trivsel = utvikling og læring

Den nasjonale elevundersøkinga blir gjennomført for 7. - 10.klasse kvart år. Her finn du tala for Vikedal skule. I tillegg blir det årleg gjennomført ei lokal trivselsundersøking for 3. - 7.klasse.

Null mobbing-logo.PNG

Grep for utvikling og læring

God trivsel kan vera avgjerande for optimal utvikling og læring. Me har vår eigen verktøykasse for å fremja eit godt læringsmiljø, og for å stoppa mobbing. Først og fremst er me opptekne av det førebyggjande arbeidet, men verktøykassen inneheld også nyttige reiskap for å endra ei utvikling som ikkje er ønska.

I verktøykassen vår har me blant anna:

- Ordensreglement (PDF, 547 kB)

- Handlingsplan mot mobbing

- Mal for plan i arbeidet med å følgja opp aktivitetsplikta (PDF, 336 kB)

- Sosial læreplan (PDF, 222 kB)

- Verktøy som fremjar refleksjon over haldningar og handlingar (PDF, 394 kB)

- Inkludering og foreldresamarbeid (PDF, 408 kB).

Ta kontakt med skulen om du har spørsmål om bruk av verktøya våre.

Kva gjer du om ditt barn/ungdom blir mobba?

1. Meld frå så snart som mogleg til kontaktlærar. Kontaktlærar vil informera rektor. Gjeld saka ein lærar som krenkjar elev, melder du frå direkte til rektor.

Gjeld saka bekymring for heile klassen/store deler av klassen sitt læringsmiljø pga. ein/fleire elevar, eller ein/fleire lærarar si åtferd, skal du melda frå til klassekontakt (sosialkontakt), og be han/ho ta kontakt med skulen. Gjeld bekymringa elevar i klassen som skapar eit dårleg læringsmiljø, tar klassekontakt kontakt med kontaktlærar. Gjeld bekymringa lærarar som skapar eit dårleg læringsmiljø, tar klassekontakt direkte kontakt med rektor.

Det er nok at du har ei bekymring for om ditt barn/ungdom blir mobba, eller du kjenner på ei uro for ditt barn/ungdoms trivsel.

2. Manglar du tillit til at lærar eller rektor vil handtera saka på ein god måte, melder du frå til kommunalsjef for oppvekst og kultur.

Kva skjer når du har meldt frå om mobbing?

1. Du vil i løpet av få dagar bli invitert til eit samarbeidsmøte der problemet blir drøfta. Eleven som opplever seg krenkja/mobba bør også delta i utarbeiding av planen.

2. Skulen vil iverksetja kartlegging for å få meir informasjon om beskrive problem.

3. Du blir invitert til eit nytt møte når skulen har gjennomført kartleggingane. Funn i kartleggingane vil bli lagt fram, og skulen vil gi si vurdering av om eleven rett er brote, eller ei.

4. Finn skulen grunnlag for brot på elevens rett til eit trygt og godt psykososialt miljø, vil arbeidet halda fram med ein skriftleg aktivitetsplan. I  den skriftlege aktivitetsplanen skal det koma klart fram:

  • a) Kva problem tiltaka skal løyse.
  • b) Kva tiltak skulen har planlagt.
  • c) Når tiltaka skal gjennomførast.
  • d) Kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka.
  • e) Når tiltaka skal evaluerast.

Skulen skal vera i gong med kartlegging innan ei veke etter du har tatt opp saka med skulen. Alt som blir gjort blir dokumentert i aktivitetsplanen. Denne er eit juridisk bindande dokument, og erstattar enkeltvedtak i mobbesaker. Føresette får aktivitetsplanen sendt heim som digital post i enkeltsaker.

5.  Det skal vera dialog og samarbeid mellom kontaktlærar (eller annan part) og føresette, minst vekentleg, medan saka blir løyst. Skulen har ansvar for å ta initiativ i dette samarbeidet.

6. Føresette til elev som bli anklaga for mobbing blir også kontakta og informert. Det kan bli utarbeidd skriftleg tiltaksplan for den som mobbar, ein plan som visar konsekvensar ved å halda fram med uønska handlingar.

7. Om mobbinga held fram, og du ikkje er nøgd med arbeidet som blir gjort av skulen,  kan du melda frå til Fylkesmannen i Rogaland.

Dei vil då vurdera saka og eventuelt rettleia skulen og gi pålegg om kva som skal bli gjort.

Du kan også be Fylkesmannen om ei vurdering om du er usamd i skulen sine vurderingar og konklusjonar.

8. Når partane er samde om at saka er løyst, vil det bli laga eit skriftleg opphøyr av aktivitetsplan.

9. Meir informasjon om mobbing finn du her.

Klage på opplæringstilbodet

Er du misnøgd med tilbodet ditt barn/ungdom får ved Vikedal skule, vil me gjerne vite om dette så snart som mogleg. Me kan ikkje gjera noko med det me ikkje veit om.

Dette kan bli gjort på to måtar:

1. Gi innspel/forslag til forbetringar i læringsarbeidet.

  • Drøft saka og dine forslag med kontaktlærar. Kontaktlærar vil vurdera innspela, og gi deg ei tilbakemelding.
  • Evnt. gi innspel til rektor. Rektor må drøfta innspela med aktuelle lærarar.

2. Klage på opplæringa.

  • Me ønskjer skriftlege og begrunna klager, slik at me kan handtera dei på ein god og rett måte jmfr. forvaltningslova
  • Treng du hjelp til å skriva, kan du be skulen om denne hjelpa.
  • Send klaga til rektor.
  • Gjeld klaga rektor, sender du den til kommunalsjef
  • I denne oversikten finn du skjema som kan brukast ved klage.
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vikedal skule
Kyrkjevegen 7
5583 Vikedal
E-post : vikedal.skule@vindafjord.kommu..
Telefon
: 53 65 58 10

Målfrid Selvik Årthun
Rektor
Tlf: 53 65 58 12
E-post: Send epost