Vikedal skule

Læringsresultat og oppfølging

skoleporten.no finn du nasjonale læringsresultat for Vikedal skule og andre skular i Noreg. Alle elevar skal ha ei tilfredsstillande utvikling personleg, sosialt og fagleg. 

Trapp.jpg - Klikk for stort bilete

Oppfølging av læringsresultat

For å vita kvar me skal, må me vita kvar me er. Å kjenne eleven si læringsutvikling er avgjerande for å kunne setja inn rette og gode tiltak til rett tid. 

Den daglege observasjonen av eleven sitt arbeid og utvikling er dermed minst like viktig som nasjonale prøvar og andre kartleggingar. Me skal støtta eleven si utvikling personleg, sosialt og fagleg.

Nivå 1: Klassenivå

1. Drøfta situasjonen med føresette. Føresette er involvert og informert i alt  vidare arbeid.

2. Bruk av analysemodell og systematisk utprøving av tiltak i klassen.

Nivå 2: Skulenivå

1. Skulen sitt interne hjelpeteam bidreg i saka. Hjelpeteamet består av ulike fagpersonar, alt etter behov i saka. Rektor leiar arbeidet og kallar inn aktuelle fagpersonar.

2. Kontaktlærar deltek også i hjelpeteamet.

 

Nivå 3: PPT

1. PPT bistår i saka.

Føresette skal gi samtykke til involvering av PPT eller andre eksterne ressurspersonar.

 

Vurdering for læring

Alt vurderingsarbeid i skulen skal fremja læring. Elevane i barneskulen skal ha ei vurdering utan karakter. Elevane i ungdomsskulen skal, i tillegg, ha ei vurdering med karakter kvart halvår. Om læraren opplever det læringsfremjande for eleven, kan karakterer også vera del av annan undervegsvurdering.

Ei vurdering er ei tilbakemelding til eleven om kva han/ho kan gjera for å auka læringsutbytet sitt. Det et også ei tilbakemelding til læraren om kva han/ho må gjera for å tilpassa opplæringa betre til eleven. I tillegg er det informasjon til føresette om korleis dei kan hjelpa eige barn/ungdom.

Les meir om vurderingsarbeid, varsel om nedsett karakter i orden og åtferd, samt klagerett her (PDF, 299 kB).

Skjema for klage og søknad om særskilt tilrettelegging av eksamen, finn du under nyttig.

 

Lekser og leksehjelp

Eigeninnsats er avgjerande for kva læringsutbyte eleven kan få i skulen. Som for alle andre område må det også øvast i fag, om ein skal bli så god som ein kan bli.

Å få gode lekserutiner frå skulestart kan vera ei hjelp for eleven til å styra seg sjølv, til å ta grep i eige liv. Å gjera lekser krev at ein set andre behov til side for å prioritera noko som kan vera slitsamt der og då, men som ein veit kan gi god effekt når jobben er gjort.

Det krev at ein motiverer seg sjølv til å ta fatt på eit arbeidsoppdrag og at ein innarbeidar seg nokre rutiner som gjer at ein får jobben gjort.

Med leksearbeid må elevane laga seg ein plan for eige arbeid. Berekna tid og avpassa arbeidsmengde til andre planar dei har for fritida si.

Slik kan lekser bli noko som gir kompetanse utover det å øva i fag. Å ha evne til å strukturera seg sjølv og eige arbeid er viktig for eigen livskvalitet, samt deltaking i arbeid- og samfunnsliv i framtida. Når rutiner skal lagast og lekser gjerast er føresette som stiller krav og gir støtte viktig.

Vikedal skule tilbyr leksehjelp. Leksehjelp er eit tilbod om ein stad å gjera leksene. Sjølv om eleven nyttar tilbod om leksehjelp, ber me føresette ha kontroll med at leksene er gjort skikkeleg. Les meir om kva lekser er, kva skulen forventar av leksearbeidet, kva de kan forventa av skulen, og om leksehjelp her (PDF, 325 kB).

Klage på opplæringstilbodet

Les meir om korleis du kan klage på opplæringstilbodet nedst på denne sida.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vikedal skule
Kyrkjevegen 7
5583 Vikedal
E-post : vikedal.skule@vindafjord.kommu..
Telefon
: 53 65 58 10

Målfrid Selvik Årthun
Rektor
Tlf: 53 65 58 12
E-post: Send epost