Vik skule og barnehage

Skuledagen 2016-2017 ved Vik skule. Nytt for 3.-7. klasse.

For skuleåret 2016-2017 blir det ein del endringar i skuledagen for elevane i 3.-7. klasse.

Etter innføring av 5-dagar skuleveke  har 3. og 4. klasse hatt 5.-7. klasse sin plan og gått heil fredag i skuleåra 14/15 og 15/16. Desse klassane hadde berre hatt 23 undervisningstimar i veka i 1. og 2. klasse og me måtte difor gjere dette for at dei skulle få nok undervisning i skuleløpet sitt. Me har nå tatt igjen det me skal og frå skuleåret 2016-2017 kjem 1.-4. klasse til å ha 25 undervisningstimar i veka. Dei vil då slutte kl. 12.00 på fredagen.

 

For 5.-7. klasse er det frå skuleåret 16/17 innført ein ekstra naturfagstime. Me legge ut denne med 20 min. ekstra på 5.-7. trinn på onsdagen. 5.-7. trinn har også fysisk aktivitet på onsdagen. I ein del av denne tida har 1.-4. klasse eit ekstra langt friminutt midt på dagen, men samla får 5.-7. klasse 30 min. lenger skuledag på onsdagen.

 

Bussen går kl 12.45 på onsdag.  Elevane i 1.-4. klasse som må vente på buss får gratis SFO denne halvtimen.

På fredagen kjem det til å gå buss både kl. 12.00 og kl. 13.45.

 

 Start og slutttider Vik skule Skuleåret  2016-2017

Måndag

Kl. 08.15 – 13.00    1.-7. klasse

Tysdag

Kl 08.15 – 13.45     1.-7. klasse

Onsdag

Kl. 08.15 – 12.15     1.-4. klasse

Kl. 08.15 – 12.45     5.-7. klasse

Torsdag

Kl. 08.15 – 13.45     1.-7. klasse

Fredag

Kl. 08.15 – 12.00     1.- 4.klasse

Kl. 08.15 – 13.45     5.-7. klasse

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vik skule
Vikevegen 1266,
5568 Vikebygd
E-post : vik.skule@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 57 30