Vik skule og barnehage

Leksehjelp for elevar på 5.-7. trinn skuleåret 2015-2016

 Frå og med skuleåret 2015-2016 er det ved Vik skule vedteke at elevane i 5.-7.klasse skal ha tilbod om gratis leksehjelp.  Dei skal ha tilbod om leksehjelp i 160 minutt kvar veke. Dei får då tilbod om leksehjelp i 8 klokketimar pr. veke i løpet av skuletida si.

Leksehjelp er frivillig og ikkje ein del av grunnopplæringa.

Det blir ikkje leksehjelp for 1.-4. klasse skuleåret 2015-2016.

 På Vik skule blir tilbodet organisert på følgjande måte: 

     1.    Det blir gitt tilbod om leksehjelp rett etter skuletid måndag, tysdag, onsdag og torsdag, 40 min.kvar dag (160 min. pr. veke).    

    2.     Leksehjelpa blir i utgangspunktet  gitt av fagarbeidar/assistent.  Gruppestørrelsen vil vera på inntil 15 elevar pr.vaksen.

3.     Ordninga med leksehjelp inneber ingen rett til skuleskyss.  Me reknar med at me også skuleåret 2015-2016 får til ei ordning der skyssen går sørover og nordover anna kvar dag.  Alle kan då nytte noko av leksehjelpa.

4.     Dei som har meldt seg på leksehjelpa må levere melding, dersom dei ein dag ikkje skal på leksehjelp.

5.     Ein kan sei opp tilbodet om leksehjelp i løpet av skuleåret.

 

Som foreldre gjer de i dag eit svært verdifullt oppfylgingsarbeid med lekser! Dette er, og vil framleis vera, ”gull verdt” for borna dykkar!

Leksehjelpordninga kan vera ei hjelp og ei støtte i læringsarbeidet. Men i leksehjelptida er det mange barn pr. vaksen, og ein rekk som oftast ikkje å følje opp kvar enkelt elev på ein fullgod måte.

Foreldra bør sjå over og følgje opp leksene heime.

For å kunne planlegge bemanning på leksehjelpa må me vite kor mange som vil nytte seg av tilbodet.

Ønskjer du leksehjelp leverer du påmeldingslapp til skulen eller barnehagen.

Dersom du ønskjer endringar i tilbodet i løpet av skuleåret må du leverer skriftleg melding til skulen.   

 

Brev og påmeldingslapp vert sendt ut til heimane i løpet av våren.

Sist endra 16.09.2015
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vik skule
Vikevegen 1266,
5568 Vikebygd
E-post : vik.skule@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 57 30

Login for redigering