Tysdag 19.mai var heile Vik skule på båttur med Bømlo-båten Sea-Cruise. Turen gjekk til indre del av Ålfjorden og me var innom mellom anna Haraldseidvågen, Erve, Sundfør, Fjon og Våga.
Me gjekk i land på Trovåg Laks og fekk ei god mottaking og ein flott omvisning. Her fekk me og grilla laks og is.
På Røykenes fortalde Narve Milford om før i tida. Mellom anna om då Austre og Vestre Vikebygd var ein kommune.