Vik skule og barnehage

Ein dag i januar var heile skulen på skeisedag på eit lokalt vatn. Kjekke føresette og storesøsken hadde laga plog og brøyta banar på isen. Det var ein kald dag, men alle var godt kledde. Alle borna hadde fått ordna seg med skeiser på eitt eller anna vis og fekk prøvd seg på isen.  

Tysdag 22.9.2020 vert det turdag på skulen. Elevane har fått info i "Kontakten" som dei fekk med seg heim førre veke. "Kontakten" ligg og som pdf-fil under menyen "Kontakten" på skulen si hovudside.

Løve av papp på svart bakgrunn.

  Alle elevane har no heimeundervisning og kontakt med lærarane sine gjennom den digitale læringsplattforma Showbie. Her har elevar og lærarar god kommunikasjon med kvarandre.

De finn oppdatert informasjon om vedtak og tiltak angåande koronaviruset m.m. på kommunen si heimeside https://www.vindafjord.kommune.no/

Her finn de plakat om handhygiene som de kan laste ned, skrive ut og henge opp:  https://www.fhi.no/publ/2013/handhygiene--handvask-trinn-for-tri/

Infoavisa "Kontakten" nr. 2 - 2019-2020 er no delt ut til alle elevane. Du finn den og her. (PDF, 785 kB)

Vik skule sin juletrefest er tysdag 17.12. kl. 18.00-20.30 på Bygdahuset. Info og påmelding finn du i "Kontakten" nr 2.

Velkomne!

5.-7. klasse ved Vik skule har vore på overnattingstur til Olalia.

Det var ein flott tur med ein kjekk gjeng! 

Her finn du info om kven som er i Samarbeidsutvalet (SU) ved Vik skule og barnehage for 2019-2020.

Nedst på same sida finn du referat frå dette møtet og frå dei siste åra.

Her finn de skuleruta for 2020-2021 med feriar og planleggingsdagar. 

Føresette kan logge seg inn på skole.visma.com/vindafjord for å sjå halvårsvurderingane til borna sine. Det blir ikkje sendt ut på anna måte. Kontakt skulen og de treng hjelp til å logge inn el.l.

 

Skulen startar att måndag 19. august kl 08:45.

Skuleskyssen går frå Trovågvegen kl. 07:45 og frå Tindeland kl. 07:40.

Bestilling av skulemjølk gjer de her: www.skolelyst.no

og skulefrukt her www.skolefrukt.no

I Kontakten nr 4 2018-2019 (PDF, 583 kB) står meir om skuledagane og kven som er i personalet neste skuleår.

 

 

I februar var Friluftsrådet med oss i 2 dagar og hadde mange ulike aktivitetar som hadde med samisk liv og kultur å gjere.  Då var me oppe ved trelavvoen vår, der Friluftsrådet hadde sett opp ein stor teltlavvo. Me kokte bidos, ein samisk festrett av reinkjøt, buljong og grønsaker,  kasta med lasso og meir.

Kontaktinformasjon

Vik skule
Vikevegen 1266,
5568 Vikebygd
E-post : vik.skule@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 57 30