Vik skule og barnehage

I februar var Friluftsrådet med oss i 2 dagar og hadde mange ulike aktivitetar som hadde med samisk liv og kultur å gjere.  Då var me oppe ved trelavvoen vår, der Friluftsrådet hadde sett opp ein stor teltlavvo. Me kokte bidos, ein samisk festrett av reinkjøt, buljong og grønsaker,  kasta med lasso og meir.

Luciatog til skulen

 

Det er desember og advent, borna på skulen og i barnehagen er i full gong med aktivitetar som har med jul å gjere.

Skulen sin juletrefest finn stad tysdag 18.12. klokka 18:00 - 20:30 på Bygdahuset.

Hugs å levere påmelding! Lappen finn de i Kontakten nr 2 (PDF, 609 kB).

Skuleborna må stå klare på scenen presis klokka 18:00, så møt opp i god tid.

Born hand i hand på skogsveg.

Nytt skuleår er no komen godt i gong. Spende 1.klassingar har alt byrja å lære bokstavar og tal.

Tysdag 28. august skal heile skulen på fjelltur. 1.-4. klasse skal gå Eikås - Vikestølen - skulen. Medan 5.-7. klasse skal gå Eikås - Bakkafossen, og går då Arquebusløypa med Jon Olav Velde som forteljar. Føresette er velkomne til å vera med. Dei må ordna skyss sjølv.

born står i baugen på båt

Vik skule ønskjer alle velkommen til kulturettermiddag på Bygdahuset

TORSDAG  07.06.2018

15.30-17.30: Sal av middag (FAU) + kaffi/kaker (7. klasse)

Frå 16.00: Me opnar dørene til storsalen. Utstilling og konkurransen «Kjenner du Ålfjorden, Bjoafjorden, Romsa og Fjelberg?»

18.00 – ca. 19.30:

·       Underhaldning av elevar.

·       Svar på konkurransen

·       Intervju med kommunalsjef og trubadur Nils Erik Eide

·        Minikonsert med J a r E i d & Laffen

Lasse Jarmer, Nils Erik Eide og Leif Kåre Sigmundstad

 

 

Skyss frå Trovåg kl 07:45 og frå Tordalen kl 07:45

No er det snart skuleferie, og den siste skuleveka er det mykje kjekt som skjer på skulen. Det er natursti, orientering, grilling og kos.

Onsdag 21.6. er det orienteringsdag og skulen suttar kl 10:45. Buss sør kl 10:45 og buss nord kl 11:10.  SFO startar når skulen sluttar.

Siste skuledagen, og SFO-dag, er torsdag 22.6. Då sluttar skulen til vanleg tid, kl 13:45. SFO har ope til kl 16:30.

Vik skule ønskjer alle velkommen til kulturettermiddag på Bygdahuset torsdag 23.februar 2017.

Som tidlegare år vert det sal av middag, utstillingar av elevarbeid, konkurranse og anna kjekt. 

Juletre ute med tente lys

No er det alt desember, og førebuingane til julefesten på Bygdahuset er i full gong.

I Kontakten nr 2 - 2016-2017 finn de info om julefesten og foreldra sine oppgåver der, kalender for våren 2017, referat frå samarbeidsutvalet (SU) og mykje anna.

born rundt ei skål med vatn med ting oppi

 

Kva flyt, og kva søkk?

Første utgåve av Kontakten er no send med elevane heim. Der finn du info om litt av kvart nyttig for dette skuleåret.

Her er og eit klipp frå opplæringslova om fritak frå akitvitetar mm., KRLE, målformer, permisjon frå opplæringa, og rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring.

Her er ordensreglementet (PDF, 210 kB) for skulane i Vindafjord og for Vik skule (punkt 8.)

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vik skule
Vikevegen 1266,
5568 Vikebygd
E-post : vik.skule@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 57 30