Vik skule og barnehage

Ved kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.

Opplæringsloven seier at: "Foreldrerådet skal fremme fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tar aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø"

Samarbeidsutvalet (SU) er skulen sitt øvste rådgivande organ, og her er alle partane i skulen representert: elevar, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, der rektor skal vere den eine.

SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

Etter barnehagelova skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval (SU).

Små einingar kan ha felles samarbeidsutval (SU) for barnehage og skule.

Vikebygd barnehage har felles samarbeidsutval (SU) med Vik skule.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vik skule
Vikevegen 1266,
5568 Vikebygd
E-post : vik.skule@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 57 30