
Onsdag hadde me innskriving av dei som skal starta i 1.klasse til hausten. Borna og foreldre møtte til ei fin samling, der dei fekk møta læraren, assistenten og 6.-klasse-fadrane dei skal ha når dei kjem tilbake i august.
Forledra
hadde informasjonsmøte saman med rektor og kontaktlærar, mens borna og fadraneteikna og leika saman, og hadde omvisning på skulen. Til slutt var det bollefest, med kjempegode boller som fadrane hadde bakt!
Me ynskjer velkommen tilbake til skulestart 18.august klokka 08.15!
Publisert23.04.2015 12.26