Råd og utval - Vats skule
For å sikre brukarmedverknad skal alle grunnskular ha eit foreldreråd (FAU), samarbeidsutval (SU), eit skulemiljøutval (SMU) og eit elevråd. Møtefrekvensen i desse råda og utvala er noko ulik. Elevrådet har møter ca. ein gong i månaden, medan SU/SMU har ein gong kvart halvår.
Under kan du lesa referat frå møta.
Foreldrerepresentantane som blir valt blant dei føresette i kvar klasse utgjer skulen sitt foreldreråd (FAU). Frå FAU blir det valt ut to representantar som også skal representere dei føresette i skulen sitt samarbeidsutval (SU) og skulemiljøutval (SMU).
Samansetninga av SU består av:
- to representantar for undervisningspersonalet
- en representant for andre tilsette ved skolen
- to foreldrerepresentantar
- to elevrepresentantar
- to representantar frå kommunen
I praksis fungerer skulen sitt SU også som SMU. For å sikre at elevar og foreldre er i fleirtal blir det oppnemnd tilleggsrepresentantar frå elevane og foreldra.
Referat
Råd og utval
Råd og utval 17-18 (PDF, 179 kB)
Råd og utval 16-17
FAU
SU/SMU
Referat SU-møte 17.10.16
Referat SU-møte 24.04.16
Publisert02.03.2020 10.58