Vats skule

Vats skule - Fakta og kontaktinformasjon

"Motvind gjev løft!" - Klikk for stort bilete"Motvind gjev løft!"

 

 

Vats skule ligg flott til i Nedre Vats, ikkje langt frå kyrkja og Vindafjordhallen

Skulen har 108 elevar på barnetrinnet frå 1. - 7. årstrinn skuleåret 2018-19. Me har elevar frå 7 ulike nasjonalitetar.

 

Mandag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

Skuletid  1.-4.kl

08.15-13.40

08.15-13.40

08.15-12.00

08.15-13.40

08.15-10.45

Skuletid  5.-7.kl 

08.15-13.40

 

08.15-13.40

 

08.15-12.00

 

08.15-13.40

 

08.15-13.40

 

 

Skulen har SFO-tilbod   etter skuletid mandag til fredag, og det er tilbod om leksehjelp måndag, tysdag og torsdag.

Skulen startar 08.15 og sluttar 13.40 måndag, tysdag, torsdag. På onsdag går alle elevane frå  08.15 til 12.00. Om fredagen sluttar 1.-4.klasse kl 10.45, mens resten går til kl 13.40. 

Skulen sin visjon

Me som arbeider på Vats skule vil at opplæringa skal ha som mål å gi elevane gode kunnskapar både sosialt og fagleg.

Fagleg ved å legge stor vekt på læring gjennom ulike innfallsvinklar, klare mål og kontrollar på om måla blir nådd. Sosialt gjennom samarbeid og leik, men òg gjennom klare grenser og forståing for korleis ein skal forholda seg til kvarandre.

Me vil sette høge krav til eleven, eleven si læring og læraren si rolle, og søke å tilpasse opplæringa best mogleg til eleven sitt nivå. Elevane våre skal oppleve fagleg meistring og sosial framgang.

Me vil arbeide for gode samarbeidsrelasjonar mellom skulen sine tilsette, dei føresette og elevane. Dette vil me gjere gjennom skuleutvikling og samarbeid.

Me ser det òg som viktig å stimulere til at elevane utviklar god helse, god fysikk og glede over å vere ute i naturen. Dette vil me gjere ved å bruke skulen sitt uteområde og nærmiljøet aktivt.

 

nullmobbing_small_gul.png

nullmobbing.no

Kontaktinformasjon

Adresse: Saudavegen 6957, 5578 Nedre Vats
Kontor: 53 65 57 62
Lærarrom: 53 65 57 64

 


SFO: 53 65 57 67

Rektor: Grethe Halvorsen

Epost: grethe.halvorsen@vindafjord.kommune.no
Telefon: 53 65 57 60 / 916 29 595

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vats skule
Saudavegen 6957,
5578 Nedre Vats
E-post : vats.skule@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 57 60

Grethe Halvorsen
Rektor
Tlf: 53 65 57 60
E-post: Send epost