Vats skule

Måndag 15. juni var det avslutning for trivselsleiarane i lavvoen.

FAU arrangerte mandag sommaravslutning for 1.-6.klasse med foreldre.

Det var grilling av medbrakt mat, og mange kjekke leikar for alle elevane.

Nokre foreldre fekk og friska opp stylte-ferdigheitane sine!

Veret var fint, men det var godt å varma seg attmed grillen!  

Alle elevane var på Samtidsmusikkfestival på Vibrandsøy mandag 1.juni. Der var det mykje rare og uvante lydar å høyra!

Elevane fekk køyra både buss og båt før dei var framme. Veret var ikkje heilt på vår side, med kald vind, men heldigvis opphaldsver.

Du kan lesa meir om festivalen på Haugesunds Avis si nettside.

6.klasse har vore på Vikinggarden på Avaldsnes der dei skulle prøva å leva som viking-trællar for ein dag. Dei fekk tidsriktige klede på seg, og måtte jobba hardt for føda. Maten var sjøllaga pannekaker og vassgraut, og dei måtte både stå vakt med spyd og skjold, og dra ei tung kjerre.

 Fredag 13. februar var det karneval på skulen. Både store og små kledde seg ut i flotte kostyme! 

Kontaktinformasjon

Vats skule
Saudavegen 6957,
5578 Nedre Vats
E-post : vats.skule@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 57 60