Vaksenopplæringa

Norskopplæring for innvandrarar

Alle som kjem til Noreg etter 1. januar 2012 og som har rett OG plikt (sjå nedanfor), må gjennomføre opplæring i minst 600 timar norsk- og samfunnskunnskap. Dette skjer hovudsakeleg i kommunen der dei bur.

Ein kan bli fritatt for plikt om ein kan dokumentere gode nok norskkunnskapar. Retten til gratis opplæring innanfor  600 timar gjeld i 3 år. Gjennomført opplæring gir grunnlag for å søkje om permanent opphaldsløyve. ”Rett” betyr at opplæringa er gratis. Retten til gratis opplæring går lengre enn dei 600 timane, dersom deltakaren har behov for det. All gratis opplæring må vere gjennomført innan 5 år.

Frå 1. september 2013 blir det obligatoriske prøvar, både i norsk og i samfunnskunnskap. Ein mistar ikkje rettar om ein ikkje står på prøvane. Dersom du har plikt, men ikkje rett til gratis opplæring, har du plikt til å gjennomføre 300 timar norsk og samfunnskunnskap. Også her kan ein søkje fritak frå plikta ved å dokumentere gode nok norskkunnskapar. Innvandrarar som berre har plikt, må sjølv betale for opplæringa. Om du har rett og plikt, eller berre plikt til opplæring kjem an på kva type opphaldsvedtak du har frå UDI. Arbeidsinnvandrarar frå EU/EØS-området har verken rett eller plikt til opplæring.
 

Rett og plikt til opplæring

Opplæring er 50 timar samfunnskunnskap + min. 550 timar norsk. Desse gruppene har rett og plikt til opplæring, og vil få opplæringa gratis:
 
personar med asylstatus. Dette gjeld også overføringsflyktningar
personar med opphald på humanitært grunnlag
personar med kollektiv beskyttelse
familiegjenforente med dei nemnd foran
familiegjenforente med norske eller nordiske borgarar.
plikt til opplæring
 
Nokre grupper har plikt til å gjennomføre 300 timar opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og må betale for opplæringa:
arbeidsinnvandrarar utanfor EFTA/EØS-området
personar som kjem til landet på grunnlag av familiegjenforening med desse
 
Verken rett eller plikt
Nokre grupper kjem utanfor ordninga med rett og plikt til norskopplæring, og må sjølv betale for opplæringa:
studentar
au pair’ar og andre med midlertidig opphald
nordiske borgarar
personar med opphald etter EFTA/EØS-regelverket
 

Søknad sendast Vindafjord vaksenopplæring, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen. 
Ta kontakt med avdelingsleiar Ane Kesia Fatland for meir informasjon. Tlf. 53 65 58 51 / 46847626.