Vaksenopplæringa

Kveldskurs i norsk

Vaksenopplæringa arrangerer kveldskurs i norsk for innvandrarar.

Kveldskursa er i utgangspunktet eit tilbod for betalande elevar. Prisen er 60 kr. pr. undervisningstime.

For å setje i gang eit kveldskurs, må det vere eit visst deltakar-tal.

Det er eit mål å ha tilbod om kurs på ulike nivå.

Tilbodet om kveldskurs vil naturleg variere litt, men informasjon skal vere tilgjengeleg på nettsida.

Du søkjer om plass ved å sende inn Søknadsskjema til:

Vaksenopplæringa i Vindafjord
Rådhusplassen 1
5588 Ølen

For meir informasjon, ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Ane Kesia Fatland på tlf. 53 65 58 51/468 47 626.