Prosjekt Vakre Vindafjord

Klikk for stort bileteLogo

Velkommen til Vakre Vindafjord!

Me har nå eit 3 årig prosjekt frå 2018-2021 med mål om å få fleire til å busetja seg i kommunen.

Vidare er målet å få auka kompetanse om kva som skal til for å få ein auke i tilflyttinga og ein betre kvardagsattraktivitet.

Det er viktig å støtte prosjekt som tilfører bygdene nye innbyggarar og bidrar til varig god kvardagsattraktivitet.  

Det er sett av 700 000.- over 3 år til dette prosjektet.

Det er vedtatt at prosjektet skal vidareførast i 3 nye år frå 2020-2023

Det har i fleire år frå politisk hald vore peika på behovet for å jobba meir systematisk med marknadsføring av kommunen som eit attraktivt bualternativ. Som følgje av dette vart eit prosjekt som skulle jobbe med dette vedtatt i økonomiplan for 2018 – 2021.

Prosjektgruppa består i dag av eit politisk arbeidsutval og kommunalsjef for samfunnsutvikling. Grendeutvala er aktivt med i prosjektet, men har ikkje fast representant i prosjektgruppa.  

Prosjektet gjeld heile kommunen, men prosjektet har særleg prioritert bygdene Imsland, Bjoa og Vikebygd.

Midlane er avgrensa med tanke på at prosjektet går over 3 år og skal dekkje heile kommunen. Det vil derfor i liten grad vere mogleg å støtte konkrete tiltak, men prosjektet kan støtte forprosjektfase og innleiande prosessar. 

Det er mange ønskjer i bygdene om betre drift og vedlikehald på til dømes bygg og vegar. Dette er tiltak som ikkje blir vurdert å gje auke i attraktivitet og prosjektmidlane ville ev. berre rekke til nokre svært få konkrete tiltak i nokre få bygder. Ein vurderer det slik at denne type tiltak må løysast gjennom andre midlar. 

Ein god arbeidsmarknad, eit godt bumiljø og gode fritidstilbod er vesentleg for å skape eit attraktivt bualternativ i våre bygder. Alle prosjekt bør derfor vurderast opp mot desse faktorane.  

Det er i heile perioden opent for å sende inn søknad til støtte for prosjekt. Det er ønskeleg at desse kjem inn gjennom grendautvala. Alle søknadar blir  vurdert etter følgjande kriteria. 

  1. Prioritere prosjekt som er overførbare på dei 3 prioriterte bygdene. 

  1. Gje støtte til forprosjektfase og innleiande prosessar.  

  1. Gje støtte til prosjekt som ikkje er drift og vedlikehald.  

  1. Prosjekt skal alltid vurderast opp mot nye jobbmoglegheiter, betre bumiljø og/eller betre fritidstilbod. 

  1. Prioritere prosjekt som tilfører bygdene nye innbyggarar. 

  1. Prioritere prosjekt som bidrar til varig god kvardagsattraktivitet. 

  1. ​Prioritere prosjekt som bidrar til økt kompetanse om tilflytting og kvardagsattraktivitet.

Prosjekt som til nå har fått støtte

  • Støtte til oppretting og førebels drift av Handlebuss i Vikebygd, Bjoa og Imsland

Klikk for stort bilete 

Klikk for stort bilete

Med mål om at fleire skal meistre eige liv tok først Joker Vikebygd initiativ til oppstart. Ide og tru på at handlebussen ville auke i tal eldre i eigen bustad, ta vekk problemet med at bygdefolk "må" køyre bil og sjølv om bestilling og utlevering er bra er det ikkje kjøpmannen som har behov for " å komme seg ut"

Å gjere daglegvareinnkjøpa sjølv er ein viktig del av det å meistre eigen kvardag. Å sjølv ta ansvar for matinnkjøpa, vere i butikken og plukke ut eigne varar og få idear og inspirasjon til kva ein skal ete, er viktig, ikkje minst for matlysta. Utan bil på bygda vil ein raskt og bli mykje aleine og einsemd kan bli eit problem. Nærbutikken er ein sosial møteplass og prosjektet kan og kan på den måten vere eit viktig bidrag til auke i kvardagsattraktiviteten. 

Første oppstart var 8 .februar 2019. Handlebussen har køyrt kvar fredag fram til mars 2020 då me mellombels måtte stenge ned tilbodet grunna utbrotet av covid-19. Mål om å få starte opp att så snart det er forsvarleg og jobbe for varig drift av tilbodet.

og gitt støtte til

  • Marknadsføringstiltak i Vikebygd (film) og Bjoa(nettside), som begge er ferdigstilte
  • Støtte til innspilling av låta Heim til Vindafjord. Denne låta ønskjer kommunen å nytte vidare i sin marknadsføring. 
  • Støtte til middagstreff i Vikedal.
  • Gjennomføring av eit marknadsføringsprosjekt "Vakre Vindafjord"- Gjennomførast Haust 2020
  • Ny logopakke og ny nettside for  Vakre Vindafjord (inn i kommunal nettside)- Gjennomførast haust 2020
    • Logo er valgtKlikk for stort bileteLogo 

 

 

  • Utarbeiding av ein profilhandbok blir støtta med inntil 25 000,-.

 

Det er og forsøkt starta opp med hagefest i alle bygder. Til nå er dette berre gjennomført i Vikebygd

Ta kontakt med Anne Sofie Sandvik, tlf 93 64 60 43, anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no for spørsmål til prosjektet

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30