Biblioteket har vanlege opningstider heile sommaren

Det er for mange tid for å nyta late dagar kor ein kan parkera både klokke og kalender og berre ta dagane slik dei kjem. Då kan det vera greitt å veta at biblioteket har ope til vanlege opningstider måndag til laurdag heile sommaren.

Bord med opplslått bok og ein kopp kaffi. - Klikk for stort bileteNyt ei god bok i lag med kaffi eller te. Pixabay@Katrina_S

I tillegg er det høve til å gjera bruk av meirope kvar dag klokka 07.00-22.00. For å bruka meirope må ein ha signert ein eigen kontrakt for dette. Les meir om meirope her

Bøker

Er du på jakt etter ei god bok? På biblioteket finn du bøker om mangt og mykje. Vil du ha tips kan du spørra ein av bibliotekarane eller gå på oppdagingsferd i hyllene våre.

Me har tre etasjar med spennande, nyttige, fasinerande, morosame, triste, lærerike, provoserande og engasjerande bøker. Er det ei bok du ønsker som me ikkje har i samlinga, hjelper me gjerne til med å tinga den frå eit anna bibliotek.  

Tidsskrift og aviser

Hos oss kan du lesa både aviser og tidsskrift. Du kan lesa mange i papirformat, samt gjera bruk av det gode utvalet av aviser og tidsskrift i «Pressreader». Nyt gjerne ein kopp kaffi medan du les.  

Hublet

Vil du låna eit nettbrett medan du er i lokala, har me det også. På desse kan du lese aviser og tidsskrift, søka på nett, lesa nyheiter, spela, teikna, fargelegga og mykje anna. Spør bibliotekarane om meir info. 

Aktivitetsutstyr

Har du lyst til å prøva deg på bordtennis, men ikkje hatt høve? I aktivitetsparken står det bordtennisbord. Nett, ballar og racket kan du låne gratis på biblioteket. I aktivitetsparken finn du også padelbane, skatebane, bocciabane og volleyballbane.

Du kan låna utstyr også til desse aktivitetane. For å låna, må du ha lånekort, samt signera eigen kontrakt for utlån av aktivitetsutstyr. Du kan lesa meir om utlån av aktivitetsutstyr her

Symaskin og anna utstyr på Vindaverkstaden

Har du akutt behov for å reparera ei bukse, eller har lyst til å laga noko ved hjelp av 3D-printar eller vinylkuttar? Utstyr til dette finn du på biblioteket.

Vindaverkstaden har ope torsdagar 15.00-19.00, men det er høve til å gjera bruk av symaskinane alle dagar i betent opningstid nå i sommar. Les meir om Vindaverkstaden her.

Bok i butikk

Om du held til i andre delar av kommunen, og ikkje har høve til å ta turen inn til biblioteket, er det løysningar for det. Kvar onsdag køyrer me ut bøker til Knapphus, Kvaløy, Sandeid, Skjold, Vikebygd og Vikedal.

Samstundes tømmer me innleveringsskapa som står på hentestadane. Du kan lesa meir om bok i butikk her

Sommarles

Sommarles er i full gang, og det er kjekt å sjå at mange barn i heile landet er med på lesekampanjen. Me har hatt mange glade barn innom biblioteket for å henta fleire bøker og for å få flotte premiar. Sommarles er for barn i 1.- 7. klasse og varer fram til 31. august.  

Sommarles sitt hovudmål er å auka leseglede og vedlikehalda lesedugleik. Barna kan registrera bøker dei les eller lyttar til, og får poeng (XP) for dette. Når du har fått eit visst tal med poeng, går du opp i nivå (level). Når du når level 10, 20, 30, 40 og 50 kan du koma på biblioteket og henta premiar, eller få desse tilsendt via «Bok i butikk».

Sommarles har også ei eiga spennande historie kor det kjem ut eit nytt kapittel kvar måndag. I samband med dette blir det også frigjort eit kodeord som du finn på biblioteket si heimeside, samt facebookside. Les du historia, svarar på spørsmål knytt til kapittelet eller legg inn kodeorda, vil du få poeng også for dette. Du kan lese meir om Sommarles her

Kvar onsdag klokka 14.00 fram til og med 17. august kan du høyra bibliotekaren lesa eit kapittel høgt på biblioteket.  

Lesetips

Heilt til slutt vil me gjerne gje nokre tips til nettstadar kor du kan finna tips til kva du skal lesa. 

Bokelskere

Lesedigg

Leser søker bok

Norsk barnebokinstitutt si side for lesetips

Nynorskbok.no