Vågen skule

ZERO-VEKA 2016

12.- 16.SEPTEMBER har me Zero-veke på Vågen skule. Då har me stort fokus på samhandling og sosialt miljø. 

Me skal ha ein del felles aktivitetar for heile skulen. På dei aktivitetane blir elevane frå ulike klassar blanda og fadrane er saman med fadderelevane sine.

Her kjem ein oversikt over aktivitetane:             

Klikk for stort bilete

 

                                                                               

 

Måndag 12.09:

Ulike aktivitetar i klassane.

 

Tysdag 13.09:

Natursti for heile skulen i 4.- 6. time.

Elevane blir delt i 12 grupper på tvers av klassane. Fadrane er saman med fadderelevane sine. Dei går ei løype på 16 postar, og gruppene får poeng og smilefjes for utførte oppgåver og om dei arbeider godt saman.

 

Onsdag 14.09.:

BliMe-dans i 3. time.

Heile skulen samlast i gymsalen og dansar BliMe-dansen 2016. Denne har dei øvd inn på førehand. Dansen kan de finna på internett.

 

Torsdag 15.09.:                                            

Fjelltur heile dagen.

                                                                                         Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Fredag 16.09.:

Skulemåltid i gymsalen for heile skulen i 3. time.

6. klasse lagar til mat i gymsalen for alle på skulen. Elevane sit saman i dei gruppene dei hadde på naturstien. Det blir servert brød, pålegg og kakao. Treng ikkje niste denne dagen.

 

 

 

 

  

                            HAUSTTUR 2016                                                    Klikk for stort bilete

 

                            Lang tur: Middagshaugen

                            Kort tur: Vågstjødna

 

 

 

Torsdag 15. september blir det fjelltur for alle elevane på skulen.

 

Elevane møter på skulen til vanleg tid.

 

Dette må du ha med deg/på deg:

  • Nistemat, drikke, frukt
  • Ein sjokolade om du vil - men elles ikkje snop/chips
  • Høveleg med klede
  • Sitjeunderlag
  • Fjellsko/støvlar – og eit par ekstra sokkar.
  • Vurder om du skal ha regnbukse. Det kan vera litt vått i graset. Ta med regnjakke dersom veret ser utrygt ut.
  • Det du har med deg ber du i ryggsekk, ikkje pose.

 

Foreldre/føresette er velkomne til å vera med på turen. Møt på skulen saman med elevane kl. 08:30.

 

Skulle det bli mykje regn og vind, blir det ikkje tur. Er du i tvil tar du med deg både skulesaker og turutstyr.

 

Alle elevane går til Vågstjødna. Derfrå tar me med oss dei som skal til Middagshaugen.

Elevane i 5.- 7. klasse og dei som vil i 1.- 4. klasse, går til Middagshaugen.

Me går i lag ned att frå Vågstjødna.

 

NB!

Alle elevane returnerer til skulen etter turen. Der blir det oppteljing før elevane får gå heim.

Dei som skal på SFO eller med taxi/buss, leikar ute under tilsyn til skuledagen er slutt.

 

 

 

Vågen skule v/ rektor

 

Klikk for stort bilete

 

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vågen skule
Vågshagen 22,
5582 Ølen
E-post : vaagen.skule@vindafjord .kommu..
Telefon
: 53 65 57 70