Vågen skule

INFO OM ZERO-VEKA 2017

Klikk for stort bilete

11.- 15.SEPTEMBER har me Zero-veke på Vågen skule. Då har me stort fokus på samhandling og sosialt miljø.

Me skal ha ein del felles aktivitetar for heile skulen. På dei aktivitetane blir elevane frå ulike klassar blanda og fadrane er saman med fadderelevane sine.

 

 

Her kjem ein oversikt over aktivitetane:

Måndag 11.09:

Natursti for heile skulen i 1.- 3. time.

Elevane blir delt i 12 grupper på tvers av klassane. Fadrane er saman med fadderelevane sine. Dei går ei løype på 16 postar, og gruppene får poeng og smilefjes for utførte oppgåver og om dei arbeider godt saman.

 

Tysdag 12.09:

Fjelltur heile dagen.

Sjå meir info i eige skriv.

 

Onsdag 13.09:

Ulike aktivitatar i klassane.

Torsdag 14.09.:

 

Skulemåltid i gymsalen for heile skulen i 3. time.

6. klasse lagar til mat i gymsalen for alle på skulen. Elevane sit saman i dei gruppene dei hadde på naturstien. Det blir servert brød, pålegg og kakao. Treng ikkje niste denne dagen.

BliMe-dans i siste time.

Heile skulen samlast i gymsalen og dansar BliMe-dansen 2017. Denne har dei øvd inn på førehand. Dansen kan de finna på internett.

 

Fredag 16.09.:

Ulike aktivitetar i klassane.

 

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vågen skule
Vågshagen 22,
5582 Ølen
E-post : vaagen.skule@vindafjord .kommu..
Telefon
: 53 65 57 70