Vågen skule

HAUSTTUR 2017

Klikk for stort bilete
Tysdag 12. september blir det fjelltur for alle elevane på skulen.  

 

 

 

Lang tur: Kåtanuten

Kort tur: Vakadalen

 

 

Elevane møter på skulen til vanleg tid.

Dette må du ha med deg/på deg:

  • Nistemat, drikke, frukt
  • Ein sjokolade om du vil - men elles ikkje snop/chips
  • Høveleg med klede
  • Sitjeunderlag
  • Lang tur: Vasstette sko – og eit par ekstra sokkar. Me skal gå over myr.
  • Kort tur: Treng ikkje gå i regnbukse.
  • Ta med regnklede dersom veret ser utrygt ut.
  • Det du har med deg ber du i ryggsekk, ikkje pose.

Foreldre/føresette er velkomne til å vera med på turen. Møt på skulen saman med elevane kl. 08:30. Det er ikkje plass til føresette i bussen, må kjøra ut sjølve.

Skulle det bli mykje regn og vind, blir det ikkje tur. Er du i tvil tar du med deg både skulesaker og turutstyr.

Alle elevane går til Vakadalen. Derfrå tar me med oss dei som skal til Kåtanuten.

Me går ned att same veg.

NB!

Me har opptelling når me går på bussen. Dei som bur på vegen tilbake, kan gå rett heim.

 

Vågen skule v/ rektor

 

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vågen skule
Vågshagen 22,
5582 Ølen
E-post : vaagen.skule@vindafjord .kommu..
Telefon
: 53 65 57 70