Samarbeidsutval (SU) - Vågen skule
Samarbeidsutvalet (SU) er det øvste rådgivande organet på skulen, og her er alle partane i skulen representert: elevar, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, der rektor skal vere den eine.
SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
Leiar i SU 2017-18: Ida Grønli
SU kan uttale seg om følgande:
-
Forslag til budsjett
-
Verksemd- og utviklingsplanar for skulen
-
Plan for samarbeid heim-skule
-
Skulevurdering
-
Planar for ombygging og vedlikehald av skuleanlegg
-
Prinsipp for val av bøker til skulebiblioteket
-
Fritidsaktivitetar
-
Skuleskyss
-
Trafikkforhold og korleis skulevegen kan sikrast
-
Ordensreglementet og andre gjeldande reglement
Publisert02.11.2015 14.20