Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) - Vågen skule
Ved kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
Leiar FAU 2017-18: Ida Grønli.
Opplæringsloven seier at: "Foreldrerådet skal fremme fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tar aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø"
Foreldrerådet vèl eit arbeidsutval. På foreldremøtet om våren vèl foreldra på kvart trinn ein representant til FAU og ein vara. FAU vèl så to representantar til samarbeidsutvalet. Leiar i FAU skal vere ein av representantane.
I FAU er skulen representert ved rektor.
Her finn de referat frå møta i FAU ved Vågen skule.
Publisert02.11.2015 14.19