Sosiale tenester

Parkeringskort for rørslehemma

Parkeringskort for rørslehemma gir deg høve til å parkere på offentlege parkeringsplassar merka for rørslehemma, og er meint som ein kompensasjon for tapt gangfunksjon.

Du må fylle ut eit søknadsskjema. I tillegg må legen din fylle ut ei legeerklæring.

Servicetorget behandlar søknaden din i Vindafjord kommune, og kan gi hjelp og rettleiing til utfylling.

 - Husk å legg ved bilete! 

Kontaktinformasjon

Service- og fellestenester
Rådhuset Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65