Sosiale tenester

Opplysing, råd og rettleiing

Generelt har alle offentlege kontor plikt til å gi opplysingar, råd og rettleiing om eiga verksemd (Jfr. Forvaltningsloven § 11). NAV-kontoret har i tillegg ei utvida plikt til å gi opplysingar, råd og rettleiing som ikkje berre er begrensa til eige fagområde (Jfr. "Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen").

Hensikta med råd og rettleiing er ikkje berre å løyse eksisterande problem, men å søkje å førebygge at problem oppstår.

Du treng ikkje vere i ein vanskeleg livssituasjon for å få råd og rettleiing hos NAV-kontoret, men det kan vere hensiktsmessig i høve til å finne alternative moglegheiter til økonomisk sosialhjelp. Om NAV-kontoret ikkje kan gi råd og rettleiing, skal dei, så vidt det er mogleg, sørge for at andre i kommunen gjer det.

Kven kan få råd og rettleiing?

Å få råd og rettleiing går vanlegvis ut ifrå at du sjølv tar kontakt med NAV-kontoret i kommunen. Ved å vende deg til NAV kan det bli sett i gang tiltak for å finne ut kva du har behov for.

I nokre tilfelle kan også NAV-kontoret på eiga initiativ gi informasjon, råd og rettleiing om dette kan bidra til å løyse eller førebygge sosiale problem.

Kva kan du få hjelp til?

NAV-kontoret kan gi opplysingar om kva du har rett på, og rettleiing om regelverk og kva som er vanleg praksis i tenestene.

  • Opplysingar om saksbehandlingsreglar, rett til å klage og saksbehandlingstid
  • Hjelp til å fylle ut søknadar
  • Informasjon om andre ytingar du kan ha krav på (til dømes etter Folketrygdloven)
  • Informasjon om bustadspørsmål (husleigeformidling, kontraktar, reglar for søknad om bustønad kommunalt og statleg)
  • Opplysingar om arbeidsformidling og rettleiing knytta til jobbsøkjing
  • Informasjon om barnehagar og skular, familierådgiving
  • Henvising og informasjon i høve til helseproblem
  • Opplysingar om økonomisk rådgiving
  • Råd og rettleiing til rusmisbrukarar og deira pårørande


Søknadsskjema kommunale tenester i Nav (PDF, 255 kB)

 

Teieplikt

Rådgivar eller saksbehandlar på NAV-kontoret har teieplikt.

Om det er vanskeleg å legge fram ei sak og få rettleiing over open skranke, kan du be om at slik rådgiving skjer på ein eigna stad.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord
Rådhusplassen 1 Rådhusplassen 1
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 55 55 33 33

Opningstid
: Måndag, tysdag, onsdag og fredag: 10-14. Torsdag: 11-15.