Sosiale tenester

Økonomisk stønad (sosialhjelp)

Økonomisk stønad (sosialhjelp) er del av samfunnet sitt økonomiske sikkerheitsnett og skal sikre at alle har nok midlar til livsopphald. Hjelpa er meint å vere midlertidig og skal bidra til å gjere deg økonomisk sjølvhjulpen.

Søknadsskjema kommunale tenester i NAV (PDF, 255 kB)

Om du fyller vilkåra i Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltningen og ikkje kan forsørge deg på andre måtar, har du krav på økonomisk sosialhjelp.

Før du kan få økonomisk stønad må du ha vurdert alle andre moglegheiter til sjølvforsørging, som lønsinntekter, trygderettar, sysselsettingstiltak, studielån, bruk av formue eller reduksjon av utgifter.

Størrelsen på sosialhjelpa, samt kva anna hjelp og oppfølging ein kan få, blir vurdert individuelt og skjønnsmessig ut ifrå kva behov ein har. Økonomisk stønad, til dømes, blir ofte gitt i kombinasjon med råd og rettleiing.

 

Kven kan få økonomisk stønad?

  • Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltningen gjeld for alle personar som oppheld seg lovleg i landet.
  • Om du ikkje kan sørge for livsopphald gjennom arbeid eller ved hjelp av andre kjelder til inntekt. Alle har rett til å levere søknad for å få si sak vurdert.
  • Ektefeller har ansvar for å forsørge kvarandre. Det er eit krav at ektefella si inntekt og forsørgarevne skal vurderast og nyttast fullt ut, før ein person har rett på stønad.

Søknad

NAV-kontoret i opphaldskommunen din tar i mot søknad og vurderer behovet for hjelp. NAV-kontoret vil vanlegvis ha ein samtale med deg før søknaden vert behandla, mellom anna for at de saman kan sjå på hjelpebehovet. Det kan vere nødvendig å føreta ei heilskapleg vurdering av den økonomiske, sosiale og helsemessige situasjonen din. Søknadar blir avgjort etter ei individuell vurdering.

 

Søknadsskjema

NAV-kontoret har utarbeidd lokale søknadsskjema som må vere fylt ut og dokumentert. For nærare informasjon, ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor.

Det vert kravd dokumentasjon av inntekter og utgifter og du kan få raskare svar om du sjølv hentar inn den informasjon som er nødvendig for å behandle søknaden.

Relevante vedlegg til søknaden kan vere:

  • Siste likningsattest
  • Saldo frå alle konti
  • Kopi av husleige- eller framleigekontrakt for dokumentasjon av buutgifter
  • Lønsinntekter og trygdeytelsar dei siste tre månadar
  • Dokumentasjon på eventuell bustønad
  • Opplysingar om lån, kredittgjeld osv.
  • Kvittering for betalt husleige og straum
  • Utgifter til lege, fysioterapi, kiropraktor, tannlege osv.
  • Utgifter til barnehage, SFO eller anna barnepass
  • Utgifter til forsikring
  • Opplysingar om innskot i spareordningar

Søknaden sendast NAV Vindafjord.

 

Saksgang og utbetaling

Alle som søkjer om sosial stønad til livsopphald har krav på svar i form av eit skriftleg vedtak. Saksbehandlingstida kan variere, men må alltid følge krava i forvaltningsloven. Dersom saksbehandlingstida er meir enn ein månad, skal det bli gitt foreløpig svar.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord
Rådhusplassen 1 Rådhusplassen 1
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 55 55 33 33

Opningstid
: Måndag, tysdag, onsdag og fredag: 10-14. Torsdag: 11-15.