Sosiale tenester

Økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving

Har du gjeld og finn det vanskeleg å betale den, eller har problem med å disponere pengane slik at dei strekk til, er det viktig å søkje hjelp i tide.

Hensikta med økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving er å hjelpe deg slik at du blir i stand til å styre økonomien din sjølv.

NAV Vindafjord tilbyr råd og rettleiing til personar med økonomiske problem. Rådgivinga vil variere i høve til kva behov ein har.

Økonomisk rådgiving

Du kan søkje om økonomisk rådgiving om du

  • opplever ein situasjon prega av mangel på økonomiske ressursar i høve til å dekke nødvendige behov
  • får vanskelegheiter med å betale rekningane dine
  • får problem med å betale tilbake gjelda di

Du kan også få økonomisk rådgiving i samband med søknad om økonomisk stønad til livsopphald (sosialhjelp).

Søknadsskjema kommunale tenester i NAV (PDF, 255 kB)

 

Kva hjelp kan du få?

NAV-kontoret kan hjelpe deg å setje opp eit budsjett for å finne ut om du har nok inntekter til å dekke utgiftene. Om utgiftene viser seg å vere større enn inntektene, vil du få råd om kva du kan og bør gjere for å balansere dette. Du kan til dømes få hjelp til:

  • Å lage ein oversikt over din økonomiske situasjon
  • Å setje opp eit hushaldningsbudsjett
  • Å finne ut korleis du kan få mindre utgifter (unngå økonomiske feilprioriteringar)
  • Gjere avtalar med dei du skuldar pengar
  • Skrive søknad om utsetting av betaling
  • Få opplysingar om rettar og pliktar
  • Om du har mykje gjeld det er umogleg å handtere, få hjelp til å søkje gjeldsordning
  • Hjelp i kontakt med og oppfølging av aktuelle kreditorar
  • Kontakt med lensmannen

Hjelpa legg samarbeid til grunn. Som søkjar må du legge fram dei opplysingane NAV treng.

NAV/kommunen har plikt til å vise til og formidle kontakt med rett instans når du sjølv ikkje har kompetanse og er fullt orientert om den hjelpa du kan få.

 

Økonomirådstelefonen

Ring 800GJELD (80045353) - økonomirådstelefonen i NAV

 

Gratis rådgiving

Økonomisk rådgiving er gratis.

Det vil vere enklare å få oversikt over situasjonen din om du før møtet går gjennom lista nedanfor og skaffar relevant dokumentasjon/vedlegg.

Relevante vedlegg til søknaden kan vere:

  • Siste likningsattest
  • Saldo på alle konti
  • Kopi av husleige- eller framleigekontrakt for dokumentasjon av buutgifter
  • Lønsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månadane
  • Dokumentasjon på eventuell bustønad
  • Opplysingar om lån, kredittgjeld osv.
  • Kvittering for betalt husleige og straum
  • Utgifter til lege, fysioterapi, kiropraktor, tannlege osv.
  • Utgifter til barnehage, SFO eller anna barnepass
  • Utgifter til forsikring
  • Opplysingar om innskot i spareordningar

Viss du har fått såkalla begjæring om utlegg tilsendt, tar du denne med. Likeeins om du har fått innkalling til forliksrådet.

 

Saksgang

Økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving legg til grunn samarbeid mellom søkjar og rådgivar i kommunen/NAV-rettleiar. Følgande framgangsmåte er vanleg:

  • Kartlegging av din livssituasjon, med oversikt over inntekter i form av eit budsjettoppsett
  • Vurdering av evna til å handtere den økonomiske situasjonen
  • Forslag til tiltak og løysingar på grunnlag av dei vurderingar som er gjort og etter avtale med den det gjeld

Lovverk


Andre ordningar som kan vere aktuelle

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord
Rådhusplassen 1 Rådhusplassen 1
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 55 55 33 33

Opningstid
: Måndag, tysdag, onsdag og fredag: 10-14. Torsdag: 11-15.