Sosiale tenester

Bustønad - Endringar frå 01. januar 2017

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar. 

 
Vilkår for bustønad
Alle over 18 år kan søkje bustønad bortsett frå studentar og personar i førstegongsteneste.
Du kan likevel søkje dersom du 
er student med barn
er student utan barn og studiet er ein lekk i eit offentleg arbeidsretta tiltak
er under 18 år og har eigne barn
 
Du må bu i bustaden du søkjer bustønad for. Alle som bur i bustaden, må også vere registrerte i folkeregisteret.
Bustaden din må vere godkjend for heilårsbruk. Samstundes må bustaden ha eigen inngang, eige bad/toalett, og det må vere mogleg å kvile og lage mat der. Bur du i bufellesskap og har fått tilvist bustaden av kommunen, kan du likevel søkje bustønad. 
Grenser for inntekt
Det er sett øvre grenser for kor høgt inntektsgrunnlag du kan ha for å kunne få bustønad.
Grensene finn du her - http://www.husbanken.no/bostotte/inntektsgrenser/
 
Korleis søkje bustønad?
Du kan søkja elektronisk på husbanken sine nettsider.
Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter. 
 
Papirsøknader skal du sende til:

Vindafjord Kommune
Rådhusplassen 1
5580 Ølen
 
Du må melde frå om endringar
Dersom du får samtykke om bustønad, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen
dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)
dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
dersom bukostnadene endrar seg
dersom ein i huslyden blir student
 
Klage på vedtak om bustønad
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen. 
Ønskjer du å søkje bustønad for komande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.
 
Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustønad på Husbankens bustønadsider - http://www.husbanken.no/bostotte/ .
Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing. 
Besøksadresse : Vindafjord Kommune, Rådhuset, 5580 Ølen
Telefonnummer : 53 65 65 65
Opningstider : 08:00 - 15:30
 
Regelverk

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord
Rådhusplassen 1 Rådhusplassen 1
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 55 55 33 33

Opningstid
: Måndag, tysdag, onsdag og fredag: 10-14. Torsdag: 11-15.