Sosiale tenester

Bustadtilskot til etablering

Kan bli gitt i saman med lån. Tilskotet er sterkt behovsprøvd og husstanden sin samla situasjon og økonomi er avgjerande. Det skal leggjast vekt på bustadbehovet og om den økonomiske situasjonen er av varig karakter.

Bustadtilskot til tilpasning

Kan bli gitt til husstandar der minst eit medlem er funksjonshemma, over 60 år eller sosialt vanskelegstilt. Tilskotet skal gå til mindre utbetringar eller spesialtilpassing av bustaden, slik at denne over tid kan fungere godt i høve til behova som ligg føre.

Tilskotet kan dekke godkjente kostnader inntil kr. 40.000 pr. bustad. Dersom utbetringa eller tilpassinga vert dyrare, kan du få ein kombinasjon av lån og tilskot til finansieringa.

 

Prosjekteringstilskot

Eldre og funksjonshemma som har behov for spesiell tilpassing av bustaden kan få tilskot frå Husbanken på inntil kr. 12 000 til å dekke utgifter til fagleg bistand. Tilskotet kan bli gitt både i samband med kjøp av bustad, utbetring av bustaden du har nå eller ved bygging av ny.

 

Søknad

Vindafjord kommune ber om at de søkjer elektronisk på www.husbanken.no

I tillegg tar de utskrift av søknaden, underteiknar denne, og sender den inn saman med vedlegga.

Vedlegg

Vedlegg som skal sendast inn saman med søknaden:

• Eventuell salsoppgåve/takst av bustad (ikkje eldre enn seks månadar)
• Siste års sjølvmelding og likningsutskrift
• Finansieringsplan
• Dokumentasjon på eventuell eigenkapital
• Lønsslipp for dei to siste månadane
• Trygdeytingar
• Barnebidrag
• Husleige/fellesutgifter, evt. andre buutgifter
• Gjeldstilhøve (restgjeld og løpande utgifter)
• Andre utgifter (dagmamma, barnehage og liknande)
• Evt. separasjonspapirer/skifteavtale
• Kopi av gyldig legitimasjon
• Dokumentasjon på grunnfinansiering skal leggjast ved
• Ved funksjonshemming eller sjukdom, må dokumentasjon frå lege eller liknande leggjast ved.
• Evt. sosialrapport, legeerklæring eller anna dokumentasjon på husstanden sin særleg vanskelege situasjon (ved søknad om tilskot)

Søknadsfristar

15. februar – 15. mai – 15. august - 15. november

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord
Rådhusplassen 1 Rådhusplassen 1
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 55 55 33 33

Opningstid
: Måndag, tysdag, onsdag og fredag: 10-14. Torsdag: 11-15.