Sosiale tenester

Startlån kan vera ein mogleg inngang til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får vanleg bustadlån eller som har vanskar med å bli buande i bustaden sin. Har låg inntekt kan startlånet kombinerast med tilskot eller bustønad.

Les meir på Husbanken sine nettsider.

Generelt har alle offentlege kontor plikt til å gi opplysingar, råd og rettleiing om eiga verksemd (Jfr. Forvaltningsloven § 11). NAV-kontoret har i tillegg ei utvida plikt til å gi opplysingar, råd og rettleiing som ikkje berre er begrensa til eige fagområde (Jfr. "Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen").

Hensikta med råd og rettleiing er ikkje berre å løyse eksisterande problem, men å søkje å førebygge at problem oppstår.

Har du gjeld og finn det vanskeleg å betale den, eller har problem med å disponere pengane slik at dei strekk til, er det viktig å søkje hjelp i tide.

Hensikta med økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving er å hjelpe deg slik at du blir i stand til å styre økonomien din sjølv.

NAV Vindafjord tilbyr råd og rettleiing til personar med økonomiske problem. Rådgivinga vil variere i høve til kva behov ein har.

Økonomisk stønad (sosialhjelp) er del av samfunnet sitt økonomiske sikkerheitsnett og skal sikre at alle har nok midlar til livsopphald. Hjelpa er meint å vere midlertidig og skal bidra til å gjere deg økonomisk sjølvhjulpen.

Søknadsskjema kommunale tenester i NAV (PDF, 255 kB)

Kan bli gitt i saman med lån. Tilskotet er sterkt behovsprøvd og husstanden sin samla situasjon og økonomi er avgjerande. Det skal leggjast vekt på bustadbehovet og om den økonomiske situasjonen er av varig karakter.

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord
Rådhusplassen 1 Rådhusplassen 1
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 55 55 33 33

Opningstid
: Måndag, tysdag, onsdag og fredag: 10-14. Torsdag: 11-15.
Login for redigering