Sosiale tenester

Tildeling av kommunal bustad / omsorgsbustad

Kommunale bustader er utleigebustader for personar med spesielle bustadbehov av midlertidig eller varig karakter. Me skil mellom kommunal bustad og kommunal omsorgsbustad.

Kommunal bustad - Målgruppe: Den som er utan bustad, er vanskelegstilt på grunn av helse, sosiale høve eller økonomi, eller ikkje sjølv kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden.

Kommunal omsorgsbustad - Målgruppe: Den som på grunn av langvarige og/eller samansette helsevanskar (fysisk og/eller psykisk), utviklingshemming og/eller funksjonstap har behov for tilrettelagt bustad.

Felles kriterium for tildeling

  • Må ha fylt18 år
  • Må ha lovleg opphald i Noreg.
  • Må ha fast adresse eller ha budd/hatt opphald i Vindafjord dei siste 6 månadar, eller ha nær familie som oppfyler kravet til butid kommunen.
  • Om søkjar har uoppgjort gjeld til Vindafjord kommune som følgje av tidlegare butilhøve, kan dette vere grunnlag for å avslå søknad om leige av kommunal bustad på nytt. Det kan bli stilt vilkår om nedbetalingsavtale for skuldig husleige, misleghaldne kommunale lån eller manglande skadeerstatning frå tidlegare leigeforhold før søknad vert behandla.

I tillegg gjeld for kommunal bustad (tidl. trygdebustad):

  • Er utan eigna bustad
  • Har behov for endring av noverande butilhøve på grunn av  helsemessige eller sosiale årsaker.
  • Bur i ein bustad som er erklært helsefarleg.

I tillegg gjeld for kommunal omsorgsbustad (tidl. omsorgsbustad):

  • Har nedsett funksjonsevne
  • Har behov for helse- og omsorgstjenester av eit visst omfang
  • Har behov for spesielt tilrettelagt bustad for å kunne meistre større delar av kvardagen på eiga hand.

Prioritering

Er talet på søkjarar som fylgjer grunnkrava større enn talet på kommunale bustadar til disposisjon, blir det foretatt ei prioritering mellom elles kvalifiserte søkjarar. Ved prioritering skal det leggjast vekt på dei kvalifiserte søkjarane sine ulike behov og kva typar bustadar som er tilgjengelege. Det kan òg bli tatt driftsmessige omsyn.

Søkjarar som etter ei samla vurdering synes å ha dei mest påtrengande bustadbehova skal bli prioritert.

 

Venteliste

For kommunale bustadar vert det ikkje ført venteliste. Om søkjar fylgjer kriteria til kommunal bustad, men det ikkje er ledige bustadar når vedtaket vert fatta, må ein søkje på nytt.

For kommunale omsorgsbustadar vert det ført venteliste for dei som fyller kriteria. Tildeling skjer fortløpande når noko vert ledig, men tildeling vil ble vurdert i samanheng med andre søkjarar.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Service- og fellestenester
Rådhuset Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65