Sosiale tenester

Midlertidig butilbod (nødsituasjon)

Er du i ein nødsituasjon utan stad å bu, skal NAV hjelpa med å finne midlertidig stad å bu (jfr. Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 27").

Tenesta vil vere aktuell i akutte situasjonar, til dømes ved brann, utkasting, familie- eller samlivsbrot. Midlertidig butilbod er eit butilbod som ikkje er meint å vere over tid, men ved akutt bustadløyse, der ein ikkje har ein stad å sove og opphalde seg det neste døgnet.

Søknadsskjema kommunale tenester i NAV (PDF, 255 kB)

Kva kan du få?

Du kan få hjelp til midlertidig butilbod som kan vere heilt eller delvis betalt av kommunen. Dersom du har midlar, skal du betale sjølv. Dette gjeld inntil det evt. er mogleg å finne ei meir permanent løysing på bustadspørsmålet. Kommunen skal, så vidt det er mogleg, iverksette tiltak for å sikre permanent bustad til dei som treng, men ikkje har klart å finne bustad på eige hand.

Barnefamiliar, born og unge som har eit akutt bustadbehov må få tilbod om midlertidig husvære som er forsvarleg og som eignar seg for dei. (Jfr. "Rundskriv U-5/2003 Veiledning for kvalitetskrav til midlertidig husvære etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 27.")

 

Korleis får du midlertidig bustad?

Om du er i ein nødsituasjon, kan du ta kontakt med NAV/sosialkontoret, tlf 55 55 33 33. Førespurnad om midlertidig bustad vert framlagt for ein saksbehandlar.

 

Klage

Eventuelle avslag kan bli påklaga til Fylkesmannen.

 

Bustad til vanskelegstilte

Kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen skal medverke til å skaffe bustadar til vanskelegstilte personar som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden.

Ansvaret for å ha ein tilfredsstillande bustad ligg i utgangspunktet hos den enkelte. For personar som ikkje klarar å ivareta sine interesser på bustadmarknaden, enten på grunn av økonomiske, sosiale, helsemessige eller meir samansette tilhøve, har òg kommunen ansvar for å sikre ein tilfredsstillande bustad.

Bestemminga i "Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 15" omfattar ikkje personar i ein akutt situasjon.

Kontaktinformasjon

Service- og fellestenester
Rådhuset Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65