Sosiale tenester

Kommunal bustad og omsorgsbustad

Søknad om kommunal omsorgsbustad eller kommunal bustad, skal skje skriftleg på eige skjema i søknadssenteret.

Søknaden sendast til:
Vindafjord kommune - Bustadkontoret
Rådhusplassen 1
5580 Ølen

Ta kontakt med Bustadkontoret, tlf. 53 65 65 65 om du lurar på noko.

Søknad og tildeling

Administrativ tildelingsnemnd har møte ca. 1 gong pr. månad og behandlar søknadane fortløpande. Om det tar meir enn 1 månad før søknaden blir behandla, skal det sendast ut foreløpig svar med antatt tidsramme for vedtak.

Søkjar får brev i posten med informasjon om vedtaket. Om tildeling er gjort, får søkjar frist til å svare på om tilbodet vert mottatt. Innflytting skal skje innan innflyttingsfristen som er sett i vedtaket.

 

 

Foreløpig bortfall av rett til leige av kommunal bustad

Vedtaket fell bort når:

  • Søkjar utan sakleg grunn avslår bustadtilbodet, har gitt mangelfulle opplysingar eller bevisst har gitt urette opplysingar i søknaden.
  • Søkjar sin situasjon er endra frå søknads-tidspunkt til tidspunkt for inngåing av leigekontrakt, slik at søkjar ikkje lengre fylgjer grunnkrava for å leige kommunal bustad for vanskelegstilte.

Dersom vedtak om leige av kommunal bustad fell bort, vert det gjort eige vedtak om bortfall. Vedtaket vert oversendt søkjar, med informasjon om moglegheiter for tildeling av kommunal bustad i framtida.

Søkjarar som takkar nei til tildelt bustad kan ikkje søkje på ny før det har gått 6 månadar.

 

Klagerett

Vedtak om søkjar fyller kriterium for tildeling, er enkeltvedtak i medhald av Forvaltningsloven, og gir såleis rett til klage til Vindafjord kommune si klagenemnd. Klagen skal senda kommunen innan 3 veker frå det tidspunkt melding om vedtak er kome fram til søkjar.

Vedtak om kva bustad ein får tildelt er ikkje eit enkelvedtak og gir såleis ikkje høve til klage.

Skjønnsvurderingar knytt til søkjar sitt behov i forhold til andre søkjarar kan ikkje bli klaga på.

 

Leigekontrakt

Tilhøvet til leigetakarane vert regulert av Husleigeloven, samt i eigne avtalar som vert inngått i høve til bustadar med spesifisert føremål og/eller leigetakar sitt behov for oppfølging i bustaden.

Utleige av tilrettelagde bustadar til vanskelegstilte skjer i samsvar med Husleigeloven § 11-1.

 

Byte av bustad

Leigetakar av kommunal bustad kan søkje om å få byte til annan bustad. Det vert utvist streng praksis ved søknad om byte. Vanleg søknadsskjema skal nyttast. Byte kan skje om:

  • Bustaden er ueigna på grunn av helsemessige årsaker
  • Det er endringar i husstanden si størrelse
  • Bustaden er ueigna på grunn av tungtvegande, sosiale tilhøve 

 

Oppseiing av bustad

Oppseiing skal skje på eige skjema. Det er 1 månads oppseiingstid, og ein kan seie opp den 1. eller den 15. kvar månad. Husleige skal betalast i oppseiingstida sjølv om nøkkel blir levert inn før oppseiingstida er over.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Service- og fellestenester
Rådhuset Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65