Sosiale tenester

Vil du bidra til integrering og inkludering?

Fritid

Vindafjord frivilligsentral har ulike prosjekt som du kan vera med på. Gjennom prosjektet KOMPIS kan du bli kjend med ein person eller ein familie gjennom ulike aktivitetar. Frivilligsentralen driv opplæring til førarkort og treng fleire frivillige til dette. Ta kontakt med frivilligsentralen for å høyra meir om ulike aktivitetar. Biblioteket på Sjøperlo har språkkafé kvar torsdag. Frivillige lag og organisasjonar har også ulike tilbod og arrangement med fokus på inkludering.

Har du andre idear kan du kontakta integreringstenesta.

Arbeid og praksis

Kan din bedrift tilby praksis? Mange busette flyktningar har behov for praksis både for å læra norsk og for å få erfaring frå det norske arbeidslivet.

Målet med introduksjonsprogrammet er å få busette flyktningar i arbeid og utdanning. Dersom din bedrift ynskjer å bidra i inkluderingsdugnaden for å få fleire i jobb kan du ta kontakt med oss. Du kan lese meir om inkluderingsdugnaden her.

Bustad

Integreringstenesta gjer klar bustadar til flyktningane som skal busetjast i kommunen. Det vil variera kor vi har behov for bustadar. Uavhengig av stad er det viktig med bustadar som er i nærleiken av kollektivtransport, skule, barnehage og matbutikk. Vi vil legge ut informasjon her når vi er på utkikk etter fleire bustadar.