Kva er ein støttekontakt?
Å vere støttekontakt vil seie å ha løna samvær med brukaren på fritida deira. Nokre har kanskje lite nettverk og er med på lite fritidsaktivitetar. Arbeidet som støttekontakt går derfor ut på å vere i saman med brukaren, enten i eigen heim eller delta i sosiale aktivitetar med dei. Nokre kan også trenge lettare rettleiing i sosiale samanhengar.
Kven kan vere støttekontakt?
Menn og kvinner frå 18 år og oppover. Me ynskjer personar som er positive og interesserte i å hjelpe i kvardagen og i fritida. Det er bra om du har ulike interesser/hobbyar. Det er også viktig at ein kan setje seg inn i kva behov den einskilde brukaren har.
Arbeidstid?
Dette blir etter brukaren behov. Det kan vere ein eller to ettermiddagar i veka, eller nokre timar i helga.
Generelt om støttekontakt
Støttekontakt er eit hjelpetiltak kommunen tilbyr brukaren. Dette krev at støttekontakten og kommunen samarbeider. Me har derfor samarbeidsmøter jamleg. Støttekontakten får rettleiing frå kommunen.
Løns - og tilsetjingsforhold i samsvar med kommunale reglar.
Korleis gå fram?
De kan ta kontakt med kommunen for spørsmål, eller ynskje om å vere støttekontakt. Søknad skal skje på eige skjema (PDF, 184 kB). Det er krav til politiattest.