Sosiale tenester

Miljøarbeid i heim

Ei tjeneste for menneske som på grunn av omfattande funksjonssvikt treng bistand og hjelp til å fungere i dagleglivet. Brukarar av tjenestene bur enten i bufellesskap med heildøgns omsorgstjenester, anna privat buform, eller heime hos foreldre.

Den enkelte skal kunne leve og bu sjølvstendig og ha eit meiningsfylt tilvære, og i fellesskap med andre etter behov. Brukar skal få nødvendig hjelp til å fungere i dagleglivet både i og utanfor heimen.

Det blir gitt opplæring, bistand og praktisk hjelp til

  • Dekking av grunnleggjande fysiologiske behov
  • Daglege gjeremål i heimen
  • Habilitering
  • Dekking av kulturelle behov
  • Dekking av medisinsk forbruksutstyr etter kommunalt regelverk

Tjenestene som blir gitt skal vere kvalitetssikra og fagleg forsvarlege, så langt som råd utforma i samarbeid med brukar eller brukarrepresentant (td. hjelpeverge, pårørande).

Alle:

  • Skal ha individuelle mål og plan over tjenester / tiltak og ressursbruk samt evalueringsrutinar
  • Skal ha samarbeidsavtale, som inneheld avtale vedk. praktiske ting, forvalting av økonomi og verdisaker, medisinske og helsemessige spørsmål mv., med pårørande/hjelpeverge.
  • Skal ha miljøterapeutisk, fagleg forsvarlege tjenester ut ifrå mål om sjølvstende og normalisering
  • Skal ha primær-/hovudkontakt og sekundærkontakt
  • Skal få ivaretatt eigenomsorg ut ifrå eigne ressursar
  • Skal få tilstreba eit optimalt funksjonsnivå
  • Bør få delta i kulturelle tilbod og aktivitetar
  • Skal ha hjelp til å ivareta eigen helsetilstand og velvære og om nødvendig få følge til lege, tannlege, frisør mv.
  • Skal om nødvendig få bistand og hjelp ved medisinering
  • Skal få hjelp til utprøving, å skaffe seg og vedlikehald av hjelpemiddel
  • Skal ha tilgang til personal etter behov, som er skrive i vedtak.
  • Skal ha høve til besøk med individuelt tilpassa fagleg tilrettelegging
  • Har rett til Individuell plan dersom det er koordinerte tjenester

 

Søknad

Tjenester vil som regel bli gitt etter langvarig samarbeid med brukar/pårørande.

Vedtak skal innehalde tildelte tjenester og ressursbruk samt tidspunkt for vedtaket. Klage på vedtak skal sendast kommunen innan tre veker. Kommunen kan hjelpe med å skrive klage.

 

Serviceerklæring - Helse- og omsorgstjenester (PDF, 43 kB)

Tjenestestandard praktisk bistand (PDF, 45 kB)

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30