Sosiale tenester

Avlasting

Vindafjord kommune har tilbod som skal bidra til at familiar til menneske med fysisk funksjonshemming og/eller psykisk utviklingshemming får den hjelp dei treng for å kunne meistra særleg tyngande omsorgsoppgåver. Samtidig skal tilbodet skape tryggleik for brukar.

Avlastinga kan ha ulike former. Det kan vere opphald i vanleg familieheim tilpassa den enkelte brukar, eller andre tjenester etter nærare oppsette kriterium - utforma i vedtak.

Brukar får ei funksjonsvurdering som skal sikre fagleg forsvarlege tjenester utfrå mål om eigenverd, sjølvstende og normalisering. Tjeneste vert tildelt etter søknad der eit tidsavgrensa enkeltvedtak skal innehalde tildelte tjenester og ressursbruk samt tidspunkt for vedtaket og kva tid det går ut.

Transport til og frå avlastar er i utgangspunktet familien sitt ansvar. Pårørande vil ha eit tett samarbeid med tjenesta.

Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til Servicetorget eller kommunen si heimeside. Søkjar vert kontakta av saksbehandlar innan 3 veker.

 

Serviceerklæring - Pleie- og omsorgstjenester (PDF, 43 kB)

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30